MARTINE LADAR OPP TIL NYE MÅL

Publisert 04.04.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Førde sin kantspelar, Martine Honningsvåg Aarnes, er toppscorar i 3. divisjon. Til dagleg jobbar ho som elektrikarlærling og i helga skal ho prøve å auke scoringskontoen sin. Sundag ettermiddag spelar Førde sitt damelag sin andre kamp for året, og motstandar på Alvøen kunstgrasbane i Bergen er Loddefjord. Eit lag som Førde har hatt eit vist…

Foto:

Førde sin kantspelar, Martine Honningsvåg Aarnes, er toppscorar i 3. divisjon. Til dagleg jobbar ho som elektrikarlærling og i helga skal ho prøve å auke scoringskontoen sin.

Sundag ettermiddag spelar Førde sitt damelag sin andre kamp for året, og motstandar på Alvøen kunstgrasbane i Bergen er Loddefjord. Eit lag som Førde har hatt eit vist tak på.

-Viss eg ikkje hugsar feil, så slo vi dei i Bergen i fjor haust, smiler Martine då vi slår av ein kjapp prat med ho på sin nye arbeidsplass for tida, Alti Førde.

Ladar opp

-Eg jobbar som elektrikarlærling for Bravida her på Alti Førde for tida. Lokala i 3. etasje blir pussa opp og bygd om i samband med at Sparebanken Sogn og Fjordane skal inn her. Det er variert og flott arbeid, smiler kantspelaren som faktisk også er einaste kvinne blant eit 40-tals arbeidarar på dette prosjektet.

Når jobben er ferdig på Alti Førde, reknar Martine med at arbeidsgjevaren Bravida står klar med nye oppgåver.

-Eg har to år igjen før eg er ferdig utdanna. Jobben som elektrikarlærling går heilt flott å kombinere med fotballsatsinga. Her har eg varierte arbeidsoppgåver, og det tappar ikkje på overskotet, smiler ho og ser at etter Førde sin første kamp i årets 3.divisjon, så toppar ho også scorings-statisikken med sine tre mål. Trass i at fleire klubbar har spelt to kampar.

Så godt som mogleg

-Eg var heldig som fekk tre mål mot Nymark, då vi vann 4-0 i Hafstadparken. Til helga blir det sikkert vanskelegare. Men vi har trent godt dei tre vekene etter vår første kamp, og skal gjere så godt som mogleg mot Loddefjord, seier elektrikarlærlingen.

Fjorårets kampar mot akkurat Loddefjord endte begge med 3-2-siger til Førde, og full poengpott.

På toppscorarstatistikken for 3. divisjon kvinner tronar Martine Honningsvåg Aarnes på toppen med tre scoringar, medan duoen Emma Haugland Jensen (Sotra) og Heidi Steinsbø Halbmayr (Brann 2) begge har to scoringar kvar. Sistnemnde er også landslagsspelar på det norske J16-landslaget, og har scora for Brann sitt A-lag i treningskamp i vinter.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert