FØRDE OG FLORØ TRENAR SAMAN

Publisert 26.03.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Sjekk dette historiske bildet! Desse gutespelarane frå Førde og Florø trenar saman for å møte Brann sine gutelag om knappe tre veker. Gjennom måndagen i påskeveka var Hafstadparken full av gutespelarar frå Førde og Florø som trente saman. I dag, på tysdag, er det tilsvarande trening på kunstgrasbana i Florø. Jobbar godt saman -Dette er…

Foto:

Sjekk dette historiske bildet! Desse gutespelarane frå Førde og Florø trenar saman for å møte Brann sine gutelag om knappe tre veker.

Gjennom måndagen i påskeveka var Hafstadparken full av gutespelarar frå Førde og Florø som trente saman. I dag, på tysdag, er det tilsvarande trening på kunstgrasbana i Florø.

Jobbar godt saman

-Dette er eit samarbeid som har gått seg til det siste halve året. Vi har lenge diskutert at begge sunnfjordklubbane i periodar kan ha gode årskull, og at vi saman kan mønstre jamnt gode lag kvart einaste år. På den måten vart det til at vi i november hadde den første fellestreninga etter å ha diskutert eit mogleg samarbeid, fortel Førde sin spelarutviklar, Bjørn Totland.

I januar spelte desse samarbeidslaga, som er for spelarar i årskulla fødde 2009, 2010 og 2011, mot Sunnmøre og Aalesund FK. Med to uavgjorte og ein siger i desse kampane, såg ein raskt at desse samarbeidslaga kunne hevde seg godt, og ikkje minst fekk spelarane referansar i å møte spelarar på høgare nivå enn det dei gjer til vanleg i serien.

Samlast i påska

I påskeveka har leiarane i dei to klubbane så gått saman med å organisere felles-treningar. Dessutan har trenarane for dei to klubbane delteke, og har også hatt faglege diskusjonar.

-Desse 13, 14 og 15-åringane er svært treningsvillege, og bortsett frå at nokre spelarar er på påskeferie andre plassar i landet, så stiller klubbane fulltalige. Vi får gjennomført ein del treningar, og på den måten sveisar vi også spelarane godt saman. Mange av desse kjenner kvarandre gjennom kretslag og andre tiltak, og no får vi endå betre høve til å bli kjent, seier Totland og gjer seg klar for ei ny treningsøkt med 14-åringane.

Mot Brann

-I tillegg til at klubbtrenarane frå både Førde og Florø stiller på øktene, så er det også mange fotballinteresserte foreldre med. Så ingen tvil om at dette er ein vinn-vinn-situasjon for fotballen i regionen. Det er iallfall ingen tvil om at dette er noko spelarane set stor pris på. Så no gler vi oss berre til å møte Brann sine tre gode gutelag sundag 14. april, seier Totland om tiltaket for 13, 14 og 15-åringar i Florø og Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert