KLUBBEN TILSETT NY SPORTSLEG LEIAR

Publisert 04.04.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Frå 1. august vil Helge Bjørke tiltre som sportsleg leiar i Førde il Fotball. -Eg er sikker på at denne tilsettinga vil gje klubben eit ønska løft, seier styreleiar Lars Solnørdal. Styret i Førde il Fotball har jobba ei stund med denne tilsettinga, og Solnørdal kan fortelje at det første uoffisielle møtet han hadde med…

Foto:

Frå 1. august vil Helge Bjørke tiltre som sportsleg leiar i Førde il Fotball. -Eg er sikker på at denne tilsettinga vil gje klubben eit ønska løft, seier styreleiar Lars Solnørdal.

Styret i Førde il Fotball har jobba ei stund med denne tilsettinga, og Solnørdal kan fortelje at det første uoffisielle møtet han hadde med den nye sportslege leiaren var i Barcelona for 1 ½ år sidan.

-Sidan har vi hatt fleire treffpunkt, og i det siste har vi hatt formelle tilsettings-samtalar. Og no kan vi altså gå ut med at han er tilsett og skal begynne hos oss 1. august, seier styreleiaren i Førde-fotballen.

Skal flytte

Helge Bjørke er for tida tilsett som klubbutviklar i NFF Hordaland, og skal flytte til Vassenden med familien sin.

-Vi er veldig trygge på at denne tilsettinga kan ta klubben opp til neste steg. Helge har solid bakgrunn, både teoretisk og praktisk. Han har master i idrettsvitenskap med fordjupning i «football-management», fortel Solnørdal.

Den nye sportselege leiaren til Førde il Fotball har dei siste åra hatt forskjellige jobbar innan fotballen, og har mellom anna vore tiltaksleiar for aldersbestemte landslag. Han har også hatt engasjementsavtale som assisterande materialforvaltar med A-landslaget herrar.

Solid bakgrunn

Helge Bjørke har dessutan jobba som fagkonsulent i NFF Nordmøre og Romsdal, kor han hadde ansvar for serie-, kamp- og dommaradministrasjon. Så vart det eit godt år som klubbutviklar i NFF Rogaland med hovudvekt på klubbutvikling og dommarutvikling. Dei siste seks åra har han vore tilsett som fagansvarleg klubb- og leiarutvikling samt samfunns- og verdiarbeid i NFF Hordaland.

-Akkurat hans solide arbeidserfaring er noko av grunnen til at vi gjerne vil ha Helge Bjørke på laget vårt. No kan vi nesten ikkje vente til at han skal ta fatt på arbeidsoppgåvene våre, smiler Lars Solnørdal.

Også volleyball

Og viss nokon skulle dra kjennskap til Helge Bjørke tidlegare, så kan vi røpe at han har gått eit år på beach- og volleyballina på Sunnfjord Folkehøgskule. Og i tillegg til fotballen har han vore sterkt engasjert i volleyballsatsinga i klubbane Rossvoll, OSI og BSI.

-Ingen tvil om at dette vil styrke oss på alle moglege måtar. No håpar vi å etablere ein solid raud tråd i alt arbeidet vi gjer i Førde-samfunnet. Vi er ein stor klubb i fotball-samanheng, og håpar å gjere strategiske grep som kan løfte oss vidare, seier Lars Solnørdal om nytilsettinga av sportsleg leiar i Førde il Fotball.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: NFF/Anders Abrahamsen

Relatert