-VI VIL GJERNE STØTTE LOKALT

Publisert 16.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Norengros er ei landsdekkjande kjede og er Norges største leverandør av forbruksvarer til offentleg og privat sektor. Det er sikkert ikkje alle som har teke turen innom Norengros K.J.Brusdal sine lokale på Øyrane i Førde. I dei tidlegare Europris-lokala etablerte Norengros seg i 2018, og storleverandøren av diverse forbruksvarer har dei siste to åra vore…

Foto:

Norengros er ei landsdekkjande kjede og er Norges største leverandør av forbruksvarer til offentleg og privat sektor.

Det er sikkert ikkje alle som har teke turen innom Norengros K.J.Brusdal sine lokale på Øyrane i Førde. I dei tidlegare Europris-lokala etablerte Norengros seg i 2018, og storleverandøren av diverse forbruksvarer har dei siste to åra vore sponsor av Førde-fotballen.

–Vi håpar at samarbeidet med Førde il Fotball vil gjere oss meir kjent, seier butikkleiar Lillian Norevik og held fram:

-Heilt sidan Norengros K.J.Brusdal vart etablert i 1988 har dei støtta lokal aktivitet. Bedrifta har 110 tilsette med hovudkontor og lager i Arna utanfor Bergen, men har butikkar på Stord, Sotra og Førde i tillegg, fortel Lillian Norevik då Førde-patrioten stikk innom den store butikken på Øyrane.

Enormt utval

-Ja, eg trur dei fleste som tek turen innom vil bli overraska over alt vi har i butikken. Her kan både private og bedrifter sikre seg det dei treng, seier Norevik og fortel at dei fører det meste innan kontor- og datarekvisita, emballasje, medisinske forbruksvarer, storhushaldning samt møbler og inventar.

-Det er nesten umogleg å fortelje kva vi IKKJE har, ler Norevik som saman med Tor Mario Auran og Hans Gjesdal Eikås stiller opp til fotografering utanfor butikken.

Miljøvenleg

Auran er på si side miljø- og berekraftansvarleg i Norengros, og er oppteken av korleis dei skal opptre så miljøvenleg som mogleg.

-Vi selger forbruksvarer, og mykje av dette er eingongsprodukt. Då er det viktig at mesteparten av dette er miljøvenleg og kan gjenvinnast. Dette er noko vi jobbar veldig mykje med. Ikkje minst blir dette aktualisert gjennom den nye kjeldesorteringslova som kjem over nyttår, fortel Auran og understrekar at svært mange av dei produkta som Norengros fører er miljømerka.

Under Bergen Næringsråd sin årsmiddag vann Norengros KJ Brusdal «Bærekraftprisen».

-Det var utruleg kjekt, og er først og fremst ei anerkjenning av mange strategiske val og store investeringar som våre eigarar Ruth Brusdal og Sissel Brusdal Solhaug har teke dei fem-seks siste åra, fortel Auran og viser også til at dei tilsette gjev kundane råd om dette arbeidet.

Satsar på Førde

I tillegg til Førde il Fotball, så har Norengros KJ Brusdal også eit samarbeid med Sogndal Fotball.

-Det var viktig for oss å velje ut ein organisasjon som har fokus på breidde og som aktivt tek eit samfunnsansvar, seier Norevik.

Ho fortel at i tillegg til seg sjølv og Hans Gjesdal Eikås, så er Thomas Løseth tilsett i bedrifta. Frå 1. februar vil dessutan Stephan Pedersen bli tilsett som salskonsulent. Noko som betyr at han vil få eit ekstra ansvar overfor bedriftsmarknaden.

Ta turen innom Norengros du også, og set pris på at dei støttar oss!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert