-HÅPAR Å FÅ MØTE MANCHESTER UNITED

Publisert 09.03.2024 av Stig Roger Eide

Del via

I midten av mai månad skal bergensklubben Åsane delta i ei internasjonal turnering i Amsterdam. Og to unge Førde-gutar er inviterte til å vere med i kampar mot mange kjende klubbar. -Vi veit at både Manchester United, Club Brügge og det nord-irske landslaget skal delta. Så det blir nok ganske tøff motstand, ja, smiler dei…

Foto:

I midten av mai månad skal bergensklubben Åsane delta i ei internasjonal turnering i Amsterdam. Og to unge Førde-gutar er inviterte til å vere med i kampar mot mange kjende klubbar.

-Vi veit at både Manchester United, Club Brügge og det nord-irske landslaget skal delta. Så det blir nok ganske tøff motstand, ja, smiler dei to Førde-gutane Henrik Sunde Sandal og Tian Frøiland Nistad. Saman med Florø-guten Mathias Rørvik Sundsøy skal desse tre sunnfjordingane forsterke Åsane i den internasjonale turneringa i Nederland, som går under namnet Den Bosch-turneringa.

Mange i kø

Følgjetongen med norske klubbar som kastar sine auge på Førde-talent rullar vidare. Namn som til dømes Gaute Sunde Sandal, Elias Grimeland, Vegard Lorgen, Kristina Hjelmeland Berqvam, Inga Hjelmeland Berqvam, Matilde Flaten og Ida Sætre Øvrebø er spelarar som alle har fått tilbod om å spele/trene med presumptivt betre lag i det siste halve året. No er det altså klart at to Førde-spelarar fødde i 2010 kan få sjansen til å spele mot dei beste spelarane frå til dømes Manchester United.

-Vi har sett at den engelske storklubben skal stille lag i turneringa. Det same skal Club Brügge, Kolding, Silkeborg og AGF Aarhus. Men vi veit ikkje kven vi kjem i gruppe med enda, seier dei to då Førde-patrioten slår av ein prat i Hafstadparken fredag kveld.

Offensive

For i perioden 17. mai til 20. mai, skal Åsane delta i denne internasjonale turneringa.

-Vi har spelt både med og mot mange av desse spelarane både på kretslag og i andre turneringar. Så vi er ganske sikre på at vi held nivået, smiler dei to som tradisjonelt er to offensive spelarar.

-Eg spelar til vanleg på midtbana, medan Tian er venstrekant. Så vi får sjå korleis Åsane vil bruke oss. Uansett er dette noko veldig kjekt å sjå fram til, seier Henrik og ser at dei begge to fyller 14 år rundt turneringa.

Ajax-bana

-Klart vi vart glade då vi fekk høyre at Åsane hadde invitert oss til å vere med. Dei hadde visstnok sett oss i nokre turneringar, og meinte vi kunne vere med å styrke laget deira, seier Tian Frøiland Nistad og vedgår at dei allereie ser fram mot denne storhendinga i storbyen Amsterdam.

-Det hadde jo vore kjekt å få sett bana til Ajax, Johan Cruyff Arena, når vi er der også då, understrekar dei to forhåpningsfullt.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert