-VI VANN EIT STERKT BORTEPOENG

Publisert 05.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde mangla fleire spelarar i troppen grunna russetreff og skader. -Men dei unge erstattarane tok ansvar og sikra oss 2-2 i ein høgdramatisk kamp. Så vi ser på dette som eit vunne poeng, seier Johan Pettersen. Damelaget til Førde mønstra til bussreisa til Måløy solidarisk i forskjellige drakter i samband med FotballtrøyeFredag til Barnekreftforeningen. Og…

Foto:

Førde mangla fleire spelarar i troppen grunna russetreff og skader. -Men dei unge erstattarane tok ansvar og sikra oss 2-2 i ein høgdramatisk kamp. Så vi ser på dette som eit vunne poeng, seier Johan Pettersen.

Damelaget til Førde mønstra til bussreisa til Måløy solidarisk i forskjellige drakter i samband med FotballtrøyeFredag til Barnekreftforeningen. Og trenar Johan Pettersen forklarer at samhaldet er den viktigaste grunnen til at det i det heile vart poeng til Førde på Skavøypoll stadion fredag kveld.

Står saman

-Vi spelar kort og godt ein dårleg 1. omgang, og blir samde i pausen om at vi skal gå ut og ta kommandoen dei siste 45 minutta. Og då står vi verkeleg saman som eit lag, og snur kampen då vi går opp i 1-2. Men langt ute i tilleggstida får Måløy eit straffespark, som dei utliknar på, fortel Johan Pettersen og er oppteken av at alle skal ha ros for enorm innsats i denne kampen.

-Det er klart at nokon kan føle seg som ein syndebukk og slikt etter ein slik kamp. Men vi vinn som eit lag og tapar som som eit lag. Og i dag tapte vi heller ikkje, seier Pettersen og rosar dei to unge spelarane Viktoria Zablotna og Kristina Hjelmeland Berqvam etter kampen.

Unge og gode

-Dette er to jenter på 16 og 15 år, og vi skal vere klar over at vi møtte eit robust og vakse Måløy-lag. Då står det respekt av det jentene gjer i dag. Vi må hugse at spelarar som Inga Hoff, Anne Gyldenskog Kilnes, Linnea Levik Aamot, Martine Kvamme og Martine Honningsvåg Aarnes alle ville ha styrka laget vårt viss dei hadde vore med. Men det er lite vi kan gjere med skader og Landstreffet i Stavanger for russen. Derfor er det viktig å framheve dei unge som har erstatta desse fem, seier Johan Pettersen og nemner også at for første gang var dei tre søstrene Hjelmeland Berqvam på bana samstundes.

-Vi har mykje spennande på gang, og uavgjort i denne kampen er å sjå på som sterkt. No har vi tre sigrar og ein uavgjort, og toppar tabellen. Dessutan har vi faktisk spelefri i 3. divisjon fram til 26. mai då vi møter Selje/Åheim på bortebane, avsluttar trenaren og kastar seg i bussen på returen til Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

3.divisjon, kvinner

MÅLØY-FØRDE 2-2 (1-0)

Skavøypoll stadion

100 tilskodarar

Mål:

1-0 17 min Eli Sofie Seim Skjølberg

1-1 81 min sjølvmål

1-2 82 min Vibeke Solheim

2-2 96 min Stine Mårstøl Reite

Førdetroppen: Sofie Honningsvåg Aarnes, Viktoria Zablotna, Inga Hjelmeland Berqvam, Sigrid Welle, Lea Oline Aamot Fonn, Dina Søgnen, Kristina Hjelmeland Berqvam, Helene Vikøren, Kaja Johannessen Skrede, Ragnhild Ulltang, Johanne Støfring, Nora Flatjord Gjelsvik, Marit Hjelmeland Berqvam, Synne Bell Folland, Vibeke Solheim, Andrea Myren Yndestad og Vilde Sunde Wie

Relatert