ALLE VILLE HA EIN BIT AV HELTANE

Publisert 29.10.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde klarte oppgåva i siste kamp. Elverum vart regelrett kjempa i senk, og Jacob Bergset si scoring i det 4. minutt vart ståande som avgjerande. Ikkje rart at tilskodarane storma bana etterpå. Førde spelar i 3. divisjon også neste år! Dert var ekstatiske scener i sluttminutta i årets siste seriekamp i Norsk Tipping-ligaen. Førde-spelarane kjempa…

Foto:

Førde klarte oppgåva i siste kamp. Elverum vart regelrett kjempa i senk, og Jacob Bergset si scoring i det 4. minutt vart ståande som avgjerande. Ikkje rart at tilskodarane storma bana etterpå. Førde spelar i 3. divisjon også neste år!

Dert var ekstatiske scener i sluttminutta i årets siste seriekamp i Norsk Tipping-ligaen. Førde-spelarane kjempa som løver og brukte alle metodar for å halde Elverum på avstand. Så når dommar Yngve Håkonssen endeleg blåste av kampen, storma tilskodarane bana og omfamna Førde-spelarane.

Ellevilt

-Dette er så fantastisk. Og så fortent. Det denne gjengen her har gjort det siste halve året fortener absolutt fornya tillit i 3. divisjon. Tenke seg til at vi avgjer dette sjølv, og ikkje treng hjelp av nokon andre, strålar trenar Knut Erik Foland og går smilande rundt og tek alle i handa.

-No er det fritt fram for ein fest gutar. Reknar med at arbeidsgjevarane har forståing for det etter ei slik bragd, smiler Folland då han gratulerer spelarane i garderoben etter 1-0-kampen.

Straffe!

For det vart med Jacob Bergset si straffescoring i det 4. minutt. Høyanger-guten vart sjølv sparka ned innanfor 16-meteren, og assistentdommar Petja Cink gav melding til hovuddommar Yngve Håkonssen om at det var straffe. Noko som var udiskutabelt for alle som stod i nærleiken av tacklinga. Jacob Bergset var sikker frå 11-meteren, og gav dermed heimelaget eit viktig psykologisk overtak frå starten av.

Riktignok styrte Elverum banespelet dei første 45 minutta, men i 2. omgang var det faktisk Førde som skapte dei fleste målsjansane. Det var tydeleg at denne leiinga ville ikkje Førde-spelarane gje frå seg, og det vart kjempa som løver i alle duellar. Og då resultata frå dei andre kampane tikka inn, og gjekk i Førde sin favør, så hadde heimelaget eigentleg ikkje trong for dagens trepoengar.

Glad Folland

-Men vi avgjorde det sjølv. Det er det viktigaste. Spelarane viser moral som er heilt fantastisk. Ikkje rart at tilskodarane stormar bana for å takke spelarane for innsatsen. Så sjølv om det var kaldt i Hafstadparken i dag, så varma verkeleg spelarane alle hjarte, smiler Folland og vert takka for kampen av Elverum-leiinga.

-Det var fortent at Førde overlever i divisjonen. Dette er ein flott klubb, og vi kjem gjerne igjen hit neste år, sa hovudtrenar Stian Aasen på veg ut i spelarbussen.

Førde il Fotball kjem med masse meir stoff utover denne festdagen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert