BLAR OPP FOR AT LAGET KAN REISE TIL BARCELONA

Publisert 09.02.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Dette er helgas gladsak. Utan tvil! For Jan Nikolai Hvidsten forskotterer 300 000 kroner for at Førde sitt A-lag skal få ei vekes opphald i Spania i starten om tre veker! -Viss du har vore nær på fotballen i Førde i nokre år, så skulle det ikkje vere vanskeleg å forstå dette. På vinterstid er treningstilhøva…

Foto:

Dette er helgas gladsak. Utan tvil! For Jan Nikolai Hvidsten forskotterer 300 000 kroner for at Førde sitt A-lag skal få ei vekes opphald i Spania i starten om tre veker!

-Viss du har vore nær på fotballen i Førde i nokre år, så skulle det ikkje vere vanskeleg å forstå dette. På vinterstid er treningstilhøva heilt ubrukelege. Undervarmen i Hafstadparken fungerer ikkje, bana er dessutan nedslitt og det er hol i kunstgrasmatta. I vinter har spelarane pendla til Bygstad og Skei for å bruke hallane der. Dette held kort og godt ikkje!

Elendige tilhøve

Jan Nikolai Hvidsten snakkar seg varm. Han har vore oppmann for Førde sitt andrelag dei siste åra, har to søner som er inne i A-stallen og brukar mykje tid for å følgje fylkets største fotballklubb.

-Klart at hadde det ikkje vore gutane våre, så hadde eg sikkert ikkje engasjert meg like mykje. Men no har eg fått høve til å vere tett på klubben, og då er eg verkeleg imponert over dei som held ut. År ut og år inn med dårlege treningstlhøve. Faktisk veit eg ikkje om andre lag som har like dårlege banetilhøve som Førde, seier Hvidsten som i det daglege er advokat i eige firma.

Det blir 300 000

-Eg hadde økonomisk høve til å gjere dette i firmaet. Så då fann eg ut at eg kunne tilby å forskottere ei vekes opphald i Barcelona med ypparlege treningstihøve rett føre sesongsstart, fortel Hvidsten då han noko motvilleg fortel historia.

-Ville jo helst ikkje ha noko snakk om dette, men forstår at historia «går på byen». Faktum er at det blir forskottert for ei gruppe på 30 personar i perioden 2. mars til 8. mars i Barcelona. Inkludert fly, overnatting, alle måltider samt alle avgifter, så kjem dette på om lag 300 000 kroner. Og det er jo ikkje så ille, smiler Hvidsten då vi får høyre historia.

Gjere dugnad

Denne løysinga med treningsopphald i Spania fann Hvidsten ut sist helg, og berre to dagar etterpå var bestillinga i boks.

-Vi måtte vere kjappe med bestillinga. Så er det slik at spelarane skal jobbe ein del dugnad utover året, og så skal pengane dei i tilfelle får for desse jobbane, inn på konto. Vi skulle på ein dugnadsjobb i dag, men den vart avlyst. Så viss det er nokon som har oppdrag til oss, så ville vi bli svært glade. Og vi er jo bra med folk, seier Hvidsten og reknar med at pengane han har forskottert kjem tilbake i løpet av året.

-Eg reknar med det, ja. Men det viktigaste er at spelarane får ei veke med gode treningstilhøve før alvoret brakar laust. For allereie midt i mars startar NM-kampane, og så går det slag i slag gjennom året, seier Hvidsten.

Men før det skal altså 30 spelarar/leiarar på ei vekes treningsopphald i Barcelona i Spania.

Tekst og foto: Stig Roger Ei

Relatert