NY SCORINGS-BONANZA MED FØRDE

Publisert 11.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

5, 6, 10 og 11! Dette er kor mange mål som har komme i Førde sine treningskampar så langt i sesongen. -Bra offensivt, men elendig defensivt, er konklusjonen til Knut Erik Folland etter laurdagens kamp mot Varegg. Med bitande kulde og store snømengder hadde ikkje Førde anna alternativ enn å flytte den planlagde treningskampen mor…

Foto:

5, 6, 10 og 11! Dette er kor mange mål som har komme i Førde sine treningskampar så langt i sesongen. -Bra offensivt, men elendig defensivt, er konklusjonen til Knut Erik Folland etter laurdagens kamp mot Varegg.

Med bitande kulde og store snømengder hadde ikkje Førde anna alternativ enn å flytte den planlagde treningskampen mor bergensklubben Varegg til Skei storhall laurdag kveld. Samstundes valgte Førde sin trenarduo Terje Rognsø og Knut Erik Folland å stille med heile 22 spelarar i oppgjeret. Kor alle spelarane vart skifta ut i pausen.

-Ja, dette er medvete for å gje alle 22 spelarane ei tøff fysisk økt. Det er om lag to jamne lag vi stiller med, kunne Knut Erik Folland fastslå føre kampen i storhallen i Jølster.

God start

Og det som såg ut til å bli ein suveren Førde-siger med to kjappe scoringar av Sander Kapstad og Mathias Sagevik, vart ei langt jamnare affære enn trenaren ønskte seg. Til slutt stod det nemleg 5-6 i favør av bergensklubben.

-Dette var svært varierande, og vi hatar sjølvsagt å tape fotballkampar. Men vi må samstundes sjå bak resultatet, og ha i tankane at vi stiller med heile 22 spelarar som alle får spele 45 minutt i dag, seier Folland og var godt nøgd med deler av prestasjonane.

Gode offensivt

-Vi er gode i overgangssspelet offensivt i 1. omgang og skapar svært mange målsjansar. Og fire mål riktig veg er bra. Men i 2. omgang er vi veldige tamme, og vi får ikkje nok tempo på ballen. Men når 22 spelarar har fått matcha seg mot ein ganske god motstand frå Bergen, så må vi likevel vere nøgde, seier Folland og ser at no er det planlagt berre ein treningskamp igjen føre seriestarten 2. påskedag.

-Ja, vi skal møte Florø i kystbyen komande helg. Elles satsar vi på internkampar dei tre siste vekene. Og vi har bra breidde i stallen, seier Folland etter 5-6 mot Varegg i Skei storhall laurdag kveld.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta

Treningskamp

FØRDE-VAREGG 5-6 (4-4)

50 tilskodarar

Mål:

1-0 21 min Sander Kapstad

2-0 22 min Mathias Sagevik

2-1 26 min

2-2 27 min

3-2 29 min Sander Aamelfot

3-3 32 min

4-3 40 min Sander Aamelfot (str)

4-4 44 min

5-4 64 min Simen Indrebø

5-5 70 min

5-6 82 min

Førde sitt lag i 1. omgang: Ruben Jordanger, Sigmund Høyvik, Frank Robert Værn, Elias Rognebakke, Elias Grimeland, Nicolai Hvidsten, Mathias Helgheim, Mathias Sagevik, Ulrik Nielsen, Sander Kapstad og Sander Aamelfot.

Førde sitt lag i 2. omgang: Håvard Folkestad, Andreas Tefre, Eirik Flatjord, Emil Turøy Berge, Christian Josefsen, Magne Aarøen, Jonas Frøiland Nistad, Jacob Bergset, Lasse Aamelfot, Vegard Savland og Simen Indrebø

Relatert