SKAL MØTE NORGES BESTE I CUPFINALEN

Publisert 23.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Merk deg helga 10. til 12. mars. Då skal Førde vere med på cupfinalehelga og møter der Norges beste innandørslag. –Vi har iallfall ikkje noko å tape, seier Fredrik Hanssen. Førde sin sisteskanse er klar i sin tale føre cupfinalehelga i futsal i Drammen. For etter at Førde vann innandørs-KM føre jul, så kvalifiserte laget…

Foto:

Merk deg helga 10. til 12. mars. Då skal Førde vere med på cupfinalehelga og møter der Norges beste innandørslag. –Vi har iallfall ikkje noko å tape, seier Fredrik Hanssen.

Førde sin sisteskanse er klar i sin tale føre cupfinalehelga i futsal i Drammen. For etter at Førde vann innandørs-KM føre jul, så kvalifiserte laget seg til å spele kvalifisering mot vinnaren i Hordaland. Men då laget «Melkeplassen» frå Bergen trekte laget sitt, så har Førde fått plass i finalehelga. Der møter dei fem lag frå eliteserien i futsal, og dei to siste klubbane ligg i toppen av kvar si 1. divisjonsavdeling.

Medan Førde spelar ikkje futsal i det heile!

-Det heile verkar sjølvsagt litt spesielt, men så lenge vi er kvalifisert, så stiller vi, er kaptein Fredrik Hanssen si klare melding.

Dette er laga

Dei laga som Førde skal møte i Drammen er følgjande:

Sjarmtrollan (Tromsø)

Vesterålen (Sortland)

Utleira (Trondheim)

NTNUI (Trondheim)

Sandefjord

Veitvet (Oslo)

Oldenborg (Oslo)

-Eg har gått gjennom lagoppstillingane til dei laga vi skal møte, og ser ingen kjende fotballnamn der. Men det skuldast nok at den veksande futsal-idretten blir meir og meir spesialisert, og at «vanlege» fotballspelarar blir sjeldnare. Men vi får håpe at vi likevel kan henge med, smiler Fredrik Hanssen føre finalehelga.

Nye namn

Under innandørs-KM stilte Førde med desse spelarane som er avbilda her: Mathias Sagevik, Jacob Bergset, Øystein Østvik, Sander Aamelfot, Vegard Savland, Magne Aarøen, Fredrik Hanssen og Mathias Helgheim.

-Vi stiller med desse spelarane i cupfinalen også. Dette er klarert med hovudtrenar Terje Rognsø då vi ikkje skal ha nokon treningskamp den helga. Men Øystein Østvik står over kampane i cupfinalen, så vi kjem til å hente inn ein eller to spelarar i tillegg. Dette blir først klar ut i neste veke, seier Førde-kapteinen føre cupfinalehelga i Drammen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert