-DETTE VAR EIN FORTENT SIGER

Publisert 17.02.2024 av Stig Roger Eide

Del via

-Ingen tvil om at vi er betre trent enn Fjøra då vi dominerer 2. omgang. Så fortjent siger, seier Førde-trenar Alexander Lekva etter 1-2-siger i Sognahallen laurdag. For andre gang i løpet av tre veker tok Førde turen til Sognahallen i Sogndal. Motstandar laurdag var 4. divisjonsfavoritten Fjøra, og heimelaget sjokka nok mannskapet til Alexander…

Foto:

-Ingen tvil om at vi er betre trent enn Fjøra då vi dominerer 2. omgang. Så fortjent siger, seier Førde-trenar Alexander Lekva etter 1-2-siger i Sognahallen laurdag.

For andre gang i løpet av tre veker tok Førde turen til Sognahallen i Sogndal. Motstandar laurdag var 4. divisjonsfavoritten Fjøra, og heimelaget sjokka nok mannskapet til Alexander Lekva noko då dei scora rett frå avspark av kampen.

Tidleg mål mot

-Tydeleg misforståing i midtforsvaret vårt akkurat då, og Fjøra scora etter nokre få sekund. Men det påverka oss ikkje nemneverdig og utover i kampen dominerer vi berre meir og meir, seier Lekva og er godt nøgd med mykje av det spelarane viser i årets andre treningskamp. Han disponerte stort sett heile troppen, men mangla spelarar som til dømes både Vegard Savland og Jacob Bergset.

Mykje positivt

-Ja, både mot Sogndal (tap 1-0) og i dag mot Fjøra (siger 1-2), så ser vi mykje positivt. Det er mykje vi kjenner igjen frå det vi trenar på. Samstundes slit vi noko med at vi ikkje får utnytta potensiale vårt maksimalt med tanke på at vi ikkje får høve til å trene på full banestørrelse. Romutnyttinga vert ikkje god nok, spesielt offensivt, seier Lekva og reknar med at dette er element dei vil få trent noko meir på når dei skal på overraskande treningssamling i Spania om 14 dagar. Les saka under om lagleiarar som forskotterer 300 000 til treningssamling i Spania.

Saka om treningskampen i Sogndal held fram under:

-Før vi reiser til Spania, så skal vi møte divisjonskollegaen Årdal i treningskamp allereie førstkomande laurdag. Den går i Skei storhall på laurdag, seier Lekva etter oppgjeret mot Fjøra i Sognahallen.

På bildet ser vi trenartrioen til Førde, frå venstre Eirik Flatjord, Frank Robert Værn og hovudtrenar Alexander Lekva.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

Treningskamp

FJØRA-FØRDE 1-2 (1-1)

Sognahallen

Mål:

1-0 1 min

1-1 30 min Edvin Brattreit

1-2 60 min Jonas Nistad

Dommar: Frank Heggestad, Veitastrond

Førde: Fredrik Hanssen, Andreas Tefre (Eirik Flatjord i 70. min), Vegar Gjermundstad (Sander Lekva i 10. min), Elias Grimeland (Øystein Østvik i 40. min), Elias Rognebakke, Nicolai Hvidsten, Jonas Nistad (Vebjørn Høynes i 45. min), Simen Indrebø (Mathias Helgheim i 55. min), Magne Aarøen, Edvin Brattreit (Niclas Trollebø i 55. min)

Relatert