JENTENE TEK ANSVAR FOR DØMMINGA

Publisert 06.02.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Desse to jentene står ansvarlege for klubbdommar-kurset i Førde neste veke. -Dette er noko vi ser fram til, seier dei to fotballdommarane. Både Astrid Solheim Kiil og Vilde Mattevik Vilnes har lang fartstid som dommarar, sjølv om dei framleis er elevar ved Førde vidaregåande skule. Dei starta tidleg å dømme i sine respektive moderklubbar Førde…

Foto:

Desse to jentene står ansvarlege for klubbdommar-kurset i Førde neste veke. -Dette er noko vi ser fram til, seier dei to fotballdommarane.

Både Astrid Solheim Kiil og Vilde Mattevik Vilnes har lang fartstid som dommarar, sjølv om dei framleis er elevar ved Førde vidaregåande skule. Dei starta tidleg å dømme i sine respektive moderklubbar Førde og Askvoll/Holmedal, og har teke gradvise steg til dei i dag dømmer kampar i kretssystemet. Faktisk var begge også å sjå i treningskampen for herrar mellom Sogndal og Førde i Sognahallen for tre veker sidan. Dei har begge også dømt ei rad kampar under Norway Cup.

Ja til kurs

Måndag 12. og tysdag 13. februar har dei begge to takka ja til å vere ansvarlege for klubbdommarkurset som fotballgruppa i Førde skal arrangere i Hafstadparken.

-Vi håpar mange melder seg på dette kurset. På måndag er det for gutane i alderen 13 og 14 år, medan det er for jentene i same aldersgruppe dagen etterpå. Så har du lyst til å dømme nokre fotballkampar, så er dette ein fin start. Som skuleelevar er vi også svært glade for at vi får litt godtgjort for dømminga, smiler dei to unge dommarane då Førdepatrioten møter dei på Storebrua på Alti Førde etter skuletid.

Snart alvor

-Det er jo litt rolegare på fotballfronten for tida, men det er ikkje lenge før det brakar laust for alvor. Men vi har jo både innandørs-turneringar og treningskampar fram mot sesongstart. Så derfor passa det godt med å ta ansvar for klubbdommar-kurset neste veke, smiler dei to som begge er fødde i 2005.

Fotballgruppa i Førde jobbar også med å få på plass eit rekruttdommarkurs, men dato for dette er ikkje bestemt.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert