Samarbeidslag Førde/Florø med gode resultat

Publisert 29.01.2024 av Geir Vindheim

Del via

Førde og Florø hadde førre helg samarbeidslag i G13, G14 og G15 på tur til Ålesund for teste nivået. I tillegg hadde Førde sitt G17 lag kamp mot Ålesund. I G13 og G14 var det kampar mot kretslaga til Sunnmøre, mens i G15 og G17 var det Ålesund sine lag. Mykje bra Ingen tvil om…

Foto:

Førde og Florø hadde førre helg samarbeidslag i G13, G14 og G15 på tur til Ålesund for teste nivået. I tillegg hadde Førde sitt G17 lag kamp mot Ålesund. I G13 og G14 var det kampar mot kretslaga til Sunnmøre, mens i G15 og G17 var det Ålesund sine lag.

Mykje bra

Ingen tvil om det gror bra i begge klubbar om ein skal sjå på resultata dei fekk med heim. Dette lovar godt for å framtidig kunne produsere fleire lokale spelare til klubbanes A-lag, og også til høgare nivå.

Dei kunne reise heim med følgande resultat:

G13                     Førde/Florø – Sunnmøre             3-3

G14                     Førde/Florø – Sunnmøre             1-1

G15                     Førde/Florø – Ålesund                 3-2

G17                     Førde – Ålesund                          3-1

Heim med gode referansar å jobbe vidare med.

Takk til Ålesund for godt opplegg og samarbeid, og takk til både Førde og Florø for god gjennomføring.

Relatert