Laurdag spelar Førde årets første treningskamp. Og det er ingen ringare enn mannskapet til Tore André Flo og Sogndal som står på motsett side i Sognahallen.

-Det er tidleg med kamp, men vi er ganske godt førebudde. No har vi fått trent inne i hallane på Skei og i Bygstad medan snøen har lava ned i Hafstadparken. Så vi er klare, smiler Førde-trenar Alexander Lekva medan Førdepatrioten stikk innom den siste treninga føre kampen i Sogndal laurdag ettermiddag.

Høgt nivå

-Vi legg sjølvsagt ikkje all verda av vekt på denne kampen, men det skal bli godt å få spele på full bane igjen. For spelarane er det viktig å få matcha seg på denne tida av året, og det skal bli kjekt å møte ein motstandar som held høgt nivå, seier Lekva som i den første kampen som Førde-trenar må sjå nokre av sine spelarar stå over.

-Ja, sjølvsagt passar ikkje denne kampen for alle. Vi har nokre småskader som dei fleste klubbar har på denne tida av året. For vår del så stiller vi utan Vebjørn Høynes, Vegard Savland, Nikolas Gudvangen Trollebø og Elias Rognebakke. Bortsett frå det så trur eg alle er kampklare, seier Lekva føre møtet med den beste klubben i fylket.

Sogndal med nye

Sogndal har på si side også hatt eit par treningsveker innandørs i Sognahallen, og har signert eit par nye spelarar den siste tida. Mellom anna har klubben fått på plass keeper Lars Larsson Jendal (ex-HamKam) og midtbanespelar Jacob Blixt Flaten (ex-Kjelsås). Dessutan har Sondre Holmlund Ørjasæter gått frå klubben på nyåret, og er klar for eliteserielaget Sarpsborg 08.

Dessutan er det venta at Sogndal også stiller med nokre prøvespelarar i dette oppgjeret.

Bildet er frå Førde si siste trening i nyehallen i Bygstad.

Tekst og foto: Stig Roger Eide