-DETTE ER TRE VIKTIGE SIGNERINGAR

Publisert 17.01.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Førde-trenar Alexander Lekva er svært glad for at den erfarne trioen Fredrik Hanssen, Jacob Frøyen Bergset og Elias Rognebakke har signert for nok ein sesong. – Dette er gull verdt for oss, seier trenaren. Den nytilsette Førde-trenaren vedgår at han er svært glad for at denne trioen har sagt «ja» til nok ein sesong med…

Foto:

Førde-trenar Alexander Lekva er svært glad for at den erfarne trioen Fredrik Hanssen, Jacob Frøyen Bergset og Elias Rognebakke har signert for nok ein sesong. – Dette er gull verdt for oss, seier trenaren.

Den nytilsette Førde-trenaren vedgår at han er svært glad for at denne trioen har sagt «ja» til nok ein sesong med Førde, og er med på oppkøyringa frå dag 1 i 2024-sesongen.

-Det er utruleg viktig at desse tre spelarane blir med ein sesong til. Dei er ringrevar og har god erfaring som kjem ikkje minst mange av dei unge til gode. Desse tre har ein rutine som kjem godt med, og dei er alle tre veldige flinke til å instruere mange av unggutane i troppen, seier Alexander Lekva og vil omtale dei tre spelarane slik:

Alle tre

-Fredrik har vore førstekeeper i klubben i mange år, og brenn for Førde-fotballen. Han tek ansvar for oppfølgjinga av dei unge målvaktene i klubben, og det skulle vel ikkje vere nødvendig å fortelle at han har vore vår beste keeper i mange år. Spesielt har han blitt god med ball i beina, som blir svært viktig framover.

-Jacob hadde ein svært god sesong i 2023, og vart kåra til årets spelar i klubben. Han held eit uvanleg høgt nivå, og viser haldningar som er unik. Sjølv om han er småbarnsfar, så pendlar han Høyanger-Førde tur/retur nesten kvar einaste dag for å trene. Han er også ein veldig god motivator for dei yngre spelarane i troppen.

-Elias er trass sine berre 24 år ein erfaren spelar i vår tropp. Han tek utdanning i Sogndal og trenar med Sogndal 2. Har hatt noko skadeplagar i periodar, men vi veit kva kvalitet han har når han er skadefri. Som dei to andre er også han ein god rollemodell for dei yngre, og har ikkje minst ein fantastisk treningsiver.

Til helga

Alexander Lekva har erfart den første veka med treningar i Bygstad og på Skei at desse tre spelarane er svært viktige for å skape balanse i gruppa. Derfor var han svært glad då det vart kjent at alle hadde signert ny kontrakt med klubben.

-Det er vel ingen tvil om at vi har ei ung spelargruppe, og då er det viktig å ha nokre spelarar som har vore med tidlegare, og som kan skulere dei unge. Ikkje minst når dei erfarne spelarane også er gode rollemodellar. No har vi ein svært flott miks i gruppa, og eg er optimistisk føre vintertreningane, seier Lekva.

Allereie førstkomande laurdag kjem den første peikepinnen på kor Førde står føre årets sesong. Då spelar nemleg 3.divisjonslaget årets første treningskamp og møter OBOS-mannskapet til Tore André Flo i Sogndal.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Privat

Relatert