SAMLAR DEI BESTE SPELARANE I SUNNFJORD

Publisert 16.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Sjekk dette bildet! Dette er dei beste jentespelarane i Sunnfjord samla på Akademitrening i Førde. –Vi er opptekne av at nivået på jentefotballen skal bli betre, seier Bjørn André Storøy. Torsdag kveld var 22 av dei beste jentespelarane fødde i 2008 og 2009 samla til trening i Hafstadparken. Dette er spelarar frå klubbane Askvoll/Holmedal, Gaular,…

Foto:

Sjekk dette bildet! Dette er dei beste jentespelarane i Sunnfjord samla på Akademitrening i Førde. –Vi er opptekne av at nivået på jentefotballen skal bli betre, seier Bjørn André Storøy.

Torsdag kveld var 22 av dei beste jentespelarane fødde i 2008 og 2009 samla til trening i Hafstadparken. Dette er spelarar frå klubbane Askvoll/Holmedal, Gaular, Dale, Jølster, Eikefjord og Førde il Fotball.

– Vi gjekk også ut med tilbod til klubbane Florø, Tambarskjelvar, Høyang og Svelgen, men så langt har vi ikkje fått med spelarar frå desse klubbane, seier Storøy som har hovudansvaret for initiativet som har Førde har teke.

Lært av Sogndal

-Vi har hatt kontakt med Sogndal FK Damer om dette akademiopplegget, og byggjer ein del på deira erfaringar. No håpar vi at dei andre klubbane rundt oss også hentar inspirasjon frå oss og tek dette med til sine klubbar, seier Storøy som saman med Geir Fonn, Charlotte Skuggen og Ottar Klopstad gjennomførar treningane.

-Vi har fått ein kjemperespons frå klubbane rundt oss,. Vi hadde i utgangspunktet tenkt oss 16 til 20 spelarar, men no er vi oppe i 24 totalt. Dette er ein gjeng utruleg positive og engasjerte spelarar, og no håpar vi at dei tek med seg desse opplevingane tilbake til sitt miljø. På same måte håpar vi at både klubbtrenarar og foreldre dukkar opp på samlingane i Førde, og hentar inspirasjon frå oss. På den måten kan vi alle vere med på å heve kvaliteten på jentefotballen i området, seier Storøy etter endt akademitrening i Hafstadparken.

Ting på gang

-Vi har treningar på torsdagar i Hafstadparken, og det er planlagt ein treningskamp mot Sogndal sitt akademi i midten av mars i Skei storhall. Dessutan jobbar vi også med andre tiltak som endå ikkje er heilt fastlagt. Men det kjem vi tilbake til, ler Storøy og ser nøgde spelarar rusle av bana i Hafstadparken.

På bildet ser vi spelarane som deltok på akademitreninga torsdag kveld. Bak frå venstre: Bertine Hauge Angedal (Førde), Ida Sætre Øvrebø (Førde), Malin Øren Otternes (Førde), Andrea Løkkebø Lekva (Førde), Laura Menes Standnes (Dale), Lisa Gjervik Bruland (Askvoll/Holmedal), Lilly Gjervik Undertun (Askvoll/Holmedal), Sonja Margrethe Waagene (Askvoll/Holmedal), Amelia M. Sroga (Askvoll/Holmedal), Anna Espeland Øvrebø (Gaular), Emmelie Fosse (Gaular), Ada Halland Eide (Jølster og Emma Felde Førde (Jølster). Framme frå venstre: Matilde Palma Flaten (Førde), Signe Rege Fjermestad (Askvoll/Holmedal), Julie Rivedal Åsnes (Askvoll/Holmedal), Helene Angelica Håøy (Eikefjord), Frida Fraas Øren (Eikefjord), Anna Saltskår Gjervik (Askvoll/Holmedal), Rakel Hestad Båtevik (Gaular), Maria Klakegg (Jølster) og Maria Østenstad Sandal (Jølster). Dessutan er dei to Førde-spelarane Amanda Midtbø og Othilie Thorsen med.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert