VANN MED TI SPELARAR PÅ BANA

Publisert 07.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde er så godt som sikra sigeren i Vinterserien for G19-lag etter at dei slo Måløy 3-2 i Hafstadparken tysdag kveld. Og det trass i at heimelaget spelte 70 minutt med ti berre spelarar. -Ja, i dag må eg faktisk skryte av innsatsen til alle spelarane. Då vi får utvist ein spelar midtveges i 1.…

Foto:

Førde er så godt som sikra sigeren i Vinterserien for G19-lag etter at dei slo Måløy 3-2 i Hafstadparken tysdag kveld. Og det trass i at heimelaget spelte 70 minutt med ti berre spelarar.

-Ja, i dag må eg faktisk skryte av innsatsen til alle spelarane. Då vi får utvist ein spelar midtveges i 1. omgang, så løftar kvar einskild seg nokre få hakk. Nok til at vi vinn vi ein fortent siger, seier Førde-trenar Bjørn Totland etter sigeren over Måløy-trenarane Erik Sandal og Børge Yndestad.

To sigrar

-Vi møter eit sterkt bortelag i Måløy, men i dag var vi best. Vi har i utgangspunktet kontroll på kampen på stillinga 3-1, og kunne då ha sikra inn trepoengaren med å vere meir kyniske. I staden inviterer vi dei litt inn i oppgjeret, men heldigvis rir vi det av på slutten, seier Bjørn Totland etter 2004-årgangen sin andre siger i Vinterserien.

-No har vi seks poeng, og skal møte Eid i Hafstadparken på søndag. Då treng vi eigentleg berre eitt poeng, så dette bør vi sikre inn med å vinne vår avdeling i Vinterserien, seier Totland etter 3-2-sigeren under fullmånen tysdag kveld.

Spikar i kista

Det var Tobias Holme som starta scoringsballet for heimelaget med ein nydeleg lobb over Måløy-keeperen, før Mathias Helgheim auka leiinga til 2-1 på straffe rett føre kvilen. Etter pausa i den kalde tysdagskvelden var det innbytar Simen Indrebø som sette spikaren i Måløy-kista med si 3-1-scoring.

-Ja, det var faktisk så kaldt at eg lot innbytarane mine sitte inne i speakerbua fram til dei starta oppvarminga. Og kanskje det var grunnen til at innbytar Simen Indrebø var så kvikk i beina då han scora det avgjerande tredjemålet vårt, ler Bjørn Totland etter sigeren.

På bildet ser vi Magne Elias Aarøen i herleg driv mot fleire Måløy-spelarar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

FØRDE II-MÅLØY FK  (2-1)

Vinterserien, G19

Hafstadparken

Mål:

1-0 35 min Tobias Holme

1-1  37 min

2-1 42 min Mathias Helgheim (str)

3-1 59 min Simen Indrebø

3-2 80 min

Dommar: Sivert Orheimn, Florø

Raudt kort: Emil Turøy Berge, Førde 2 (i det 20.min)

Førde: Ruben Jordanger, Thomas Husevåg Løland, Emil Turøy Berge, Andreas Tefre, Ulrik Konsttin Nielsen, Nikolai Hvidsten, Mathias Helgheim, Magne Elias Aarøen, Tobias Holme, Sander Leknes, Tobias By Vikøren. På benken: Noah Øren Otternes, Gaute Sunde Sandal. Simen Indrebø og Vegard Otterlei Fløholm

Relatert