JENTER TRENAR JENTER

Publisert 18.01.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Desse tre 17-åringane skal trene Førde sitt J13-lag denne sesongen. -Det er utruleg flott at dei tek på seg denne oppgåva, seier Bjørn Totland i Førde il Fotball. Trioen Viktoria Zablotna, Frida Skilbrei og Marit Hjelmeland Berqvam signerte torsdag kveld kontrakt med Førde il Fotball, og blir trenarar for J13-laget i 2024-sesongen. -Dette er noko…

Foto:

Desse tre 17-åringane skal trene Førde sitt J13-lag denne sesongen. -Det er utruleg flott at dei tek på seg denne oppgåva, seier Bjørn Totland i Førde il Fotball.

Trioen Viktoria Zablotna, Frida Skilbrei og Marit Hjelmeland Berqvam signerte torsdag kveld kontrakt med Førde il Fotball, og blir trenarar for J13-laget i 2024-sesongen.

-Dette er noko vi verkeleg ser fram til. Vi har vore med på forskjellige aktivitetar som akademi og Tine Fotballskule i klubben tidlegare. Men det å få ansvar for heile 2011-årgangen er utruleg spennande, seier Frida Skilbrei.

Blir topp

Torsdag kveld vart tidlegare leiarar og lagleiarar rundt fjorårets J12-lag orienterte om tilsettinga, og det var unison glede å spore.

-Dette kjem til å bli heilt topp. Jentene våre kjenner allereie til desse tre 17-åringane, og ingen tvil om at dei er populære, seier Merete Aase Vetti, som er ei av dei tidlegare lagleiarane for dette store jentekullet.

Stort kull

Sjølv om ikkje fristen for påmelding har gått ut, så reknar Bjørn Totland i Førde-fotballen at det kan bli over 30 spelarar på dette kullet.

-Vi må først få sett på påmeldingane, og då avgjere om vi skal ha eit 11´ar og eit 9 ´ar-lag eller korleis vi skal løyse det. No er dette første året desse spelarane skal inn i ungdomsgruppa, og dei går frå å vere tre forskjellige grendalag til å bli Førde-lag. Men vi skal samstundes prøve å halde mykje på den same oppbyggjinga, sjølv om det vil bli nokre endringar for nokre av spelarane, seier Totland om jentene som vinker farvel til barnefotballen.

Fleire økter

I oppstarten er det lagt opp til to treningar i Hafstadparken, men at dette kan utvidast. Når banene er i den forfatning som dei per i dag, så får jentene også tilbod om å trene innandørs i Førdehuset. Noko som også er ypparleg med tanke på kvalifiserings-turneringa til innandørs-KM.

-Vi gler oss stort. Vi må berre ikkje få kollisjonar mellom treningane til J13-laget og damelaget. For vi har jo lyst til å halde fram som aktive også, seier dei tre som kjem til å vere å sjå titt og ofte i Hafstadparken utover våren.

På bildet har (f.v.) Viktoria Zablotna, Frida Skilbrei og Marit Hjelmeland Berqvam signert som trenarar for J13-laga i Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert