VOSS CUP 2023

Publisert 21.06.2023 av Geir Vindheim

Del via

Voss Cup var første av fleire sommarcupar som våre lag deltar på. Voss Cup er ein av dei største og hadde rekordpåmelding i 2023. Med 726 lag og ca 7000 spelare vart det spelt nesten 1500 kampar frå fredag 16 juni til søndag 18 juni. – Førde stilte med 5 lag Førde hadde med 5…

Voss Cup var første av fleire sommarcupar som våre lag deltar på. Voss Cup er ein av dei største og hadde rekordpåmelding i 2023. Med 726 lag og ca 7000 spelare vart det spelt nesten 1500 kampar frå fredag 16 juni til søndag 18 juni.

– Førde stilte med 5 lag

Førde hadde med 5 lag i klassane fordelt på klassane G9(2), G10(1) og G11(2). I strålande vær vart turneringa ein suksess både sportsleg og sosialt. Alle var samstemt på at dette var ein cup ein vil tilbake til. Alle gav 100 % innsats gjennom heile turneringa, og samtlege har representert Førde IL Fotball på ein framifrå måte.

Stor takk til Mariann Flo, Thomas Fraas, Kim Herstad, Tony Kiil og Øyvind Oppedal som har lagt til rette for at dette blei ei vellykka turnering for gutane, og alle som var med som følge.

Relatert