TRENARTRIOEN ER PÅ PLASS

Publisert 15.01.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Desse tre unge trenarane tek ansvar og skal leia Førde sitt herrelag i årets 3. divisjon. -Dette er noko vi verkeleg har trua på, seier Per Øyvind Storevik. Den daglege leiaren i klubben kunne måndag gå ut med at trenartrioen til Førde sitt herrelag er på plass. I tillegg til hovudtrenar Alexander Lekva, skal duoen…

Foto:

Desse tre unge trenarane tek ansvar og skal leia Førde sitt herrelag i årets 3. divisjon. -Dette er noko vi verkeleg har trua på, seier Per Øyvind Storevik.

Den daglege leiaren i klubben kunne måndag gå ut med at trenartrioen til Førde sitt herrelag er på plass. I tillegg til hovudtrenar Alexander Lekva, skal duoen Eirik Flatjord og Frank Robert Værn assistere hovudtrenaren både i kamp og på trening.

Tett oppfølgjing

-På denne måten håpar vi at vi kan følgje opp spelarane tettare enn tidlegare. Alle dei tre trenarane får ansvar for sine spelarar. Dermed håpar vi å få tettare oppfølgjing med tanke på tilbakemeldingar og slikt gjennom spelarsamtalar. Eirik har dessutan hovudansvaret for den fysiske treninga, medan Frank Robert skal få eit hovudansvar for å skulere dei unge spelarane som har defensive oppgåver, seier Alexander Lekva og ser at allereie i løpet av den første treningsveka, så kan dei sjå konturane av at samarbeidet mellom desse tre vil fungere godt.

-Vi er alle i 30-åra, og kjenner kvarandre ganske godt. Ikkje minst har vi lik fotballforståing, seier trioen og er oppteken av at dei skal dra i same retning.

Glimrande tilhøve

-Det er det handlar om no. Vi tre har bra med referansar etter mange år i fotballen. No skal vi bruke kvarandre sine kvalitetar, og eg er sikker på at det vil gje gode resultat overfor spelarane. Vi har ein herleg miks i spelargruppa, og no handlar det om å få ut det potensiale som ligg der, seier Eirik Flatjord som venteleg framleis også vil vere aktuell som spelar.

-Først må eg vise at eg forsvarar ein plass i troppen. Så får vi diskutere kva som er mest gunstig for laget. Eg har no trass alt fått gjennomført 361 kampar for klubben i løpet av mange år, og gler meg no stort til å bli sterkare engasjert i trenargjerninga, seier spelarprofilen etter at trenarkabalen til Førde er løyst.

-Vi har no hatt ei god treningsveke, og spelarane har verkeleg set pris på å få trene under glimrande tilhøve i hallane, både i Bygstad og på Skei. Tenk om vi kunne ha fått sånne treningstilhøve i Førde. Då hadde det verkeleg svinga, seier trioen og kastar lange blikk ut på dei snøtunge banene i Hafstadparken.

På bildet ser vi frå venstre Eirik Flatjord (36), Alexander Lekva (35) og Frank Robert Værn (37).

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert