No er vi gong med haustsesongen

Publisert 15.08.2023 av Geir Vindheim

Del via

Norway Cup er no over, og denne veka haustsesongen i gong for fullt der J17 starta opp måndag med lokalderby mot Gaular. Her kunne dei reise tilbake til Førde med 1-0 siger og perfekt start. Fleire av våre lag i ungdomsfotball og senior fortsetter idag og resten av veka. I aldersklassane 9-12 år er oppstart…

Foto:

Norway Cup er no over, og denne veka haustsesongen i gong for fullt der J17 starta opp måndag med lokalderby mot Gaular. Her kunne dei reise tilbake til Førde med 1-0 siger og perfekt start. Fleire av våre lag i ungdomsfotball og senior fortsetter idag og resten av veka. I aldersklassane 9-12 år er oppstart frå neste veke.

NM i fokus

Både J19 og G16 skal denne veka ut i spennande NM kampar. Her håpar dei på mykje støtte frå sidelinja, så merk allereie tidene. Her skal J19 møte Molde onsdag 16 august kl 1645, mens G16 møter Ålesund kl 1700. Begge kampar i Hafstadparken. I tillegg har vi to spennande adidascup kampar i sluttspelet 1/8 finale – dette er G14 møter Dale kl 1900 torsdag, mens G13 møter Smørås laurdag kl 1200.

Kommande helg er det også oppstart for A-lag herrer med spennande bortekamp mot Hamkam 2 laurdag, mens Førde 2 søndag møter Fjøra til tøff dyst i parken kl 1630. Førde 3 opnar haustsesongen måndag kveld i parken kl 1900 mot Sogndal 3 / Fjøra 2.

A-lag damer i serie med Hordaland

Damene vant vårserien og skal no spele mot fem lag i Hordaland for å kjempe om opprykk til 2 divisjon. Her skal også Rogaland inn til slutt i ein play off. Det blir spennande å sjå nivået vi møter, men vi har stor tru på at damene våre skal hevde seg godt. Kommande søndag er føste kamp og den går i Hafstadparken kl 1400 mot Fana. Sjå eigen sak som kjem.

Det mangler altså ikkje på høgdepunkt no starten, og heller ikkje utover i hausten. I løpet av veka vil vi også opne opp for påmelding til Førde Cup innandørs 10-12 november. Ynskje alle våre lag lykke til med haustsesongen.

Relatert