ER DETTE NORGES BESTE LAG?

Publisert 30.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Dei har vunne Adidas Cup, og dei vart nummer to i Norway Cup. Då er det vel berre rett og rimeleg at dei også er suverene i Sogn og Fjordane? Sundag vann dei 10-0 i årets siste kamp. Førde 1 som består av spelarar frå 2007 og 2008-årgangen har herja på både lokale og nasjonale…

Foto:

Dei har vunne Adidas Cup, og dei vart nummer to i Norway Cup. Då er det vel berre rett og rimeleg at dei også er suverene i Sogn og Fjordane? Sundag vann dei 10-0 i årets siste kamp.

Førde 1 som består av spelarar frå 2007 og 2008-årgangen har herja på både lokale og nasjonale arenaer denne sesongen. Og i den avgjerande KM-kampen i Hafstadparken sundag ettermiddag vann dei ikkje mindre enn 10-0 over Måløy. Noko som trenar Lars Ove Nistad er strålande nøgd med, sjølv om han først og fremst er oppteken av utviklinga til både spelarar og laget.

-Førde 1 har prestert veldig bra, ja. Men kanskje vel så viktig er det at vi har fått fram fleire spelarar som har fått testa seg på seniornivå denne sesongen og vi har fått ein spelar inn på landslaget. Dessutan har alle spelarane i denne treningsgrupppa utvikla seg svært godt det siste året. Det er etablert ein god treningskultur og spelarane er utviklingsorienterte. Det er slik som varmar eit trenarhjarte, seier Lars Ove Nistad og er oppteken av å hylle både resten av støtteapparatet og foreldregruppa bak laget.

God støtte

Det er fantastisk å ha så mange støttespelarar bak spelarane, av både trenarar og lagleiarar. Dessutan har vi søsken, foreldre og besteforeldre som er engasjerte på vegner av laget, og alt er lagt til rette for at spelarane skal få utvikle seg. Det er så fantastisk at eg knapt har opplevd maken tidlegare, seier Nistad.

I kampen om KM-pokalen så stod det som venta mellom Sogndal og Førde, men til slutt vart Førde for sterke i 1.divisjon. Så når Sogndal tapte sin siste kamp mot Stryn med 0-2, så måtte mannskapet til trenar Stig Nord ta til takke med andreplass, seks poeng bak Førde 1. For mannskapet til Lars Ove Nistad har i serien berre ein uavgjort kamp, og fantastiske ni sigrar. Og med tanke på at dei har vunne alle kampane i den nasjonale Adidas Cup, samt berre har eit finaletap i Norway Cup, må ein fastslå at festen dei hadde i FIL-huset sundag ettermiddag, er velfortent. Og det kjem bilder frå både festen og den siste seriekampen litt seinare.

Mei kjem

  • Målscorar i 10-0-kampen mot Måløy var Noah Otternes (3), Liam Bruflot Undeland (2), Vegard Lorgen (2) samt eitt mål på Teodor Aamot, Emil Frøysland og Daniel Gjelsvik.
  • – No skal vi feire denne suksess-sesongen, seier Lars Ove Nistad.
  • Det kjem meir stoff om gullgutane senare.
  • Tekst og foto: Stig Roger Eide
Relatert