-I DAG VAR DET MANNFOLK MOT GUTAR

Publisert 14.10.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug sine ord vart meir og meir forståelege etter at Førde utklassa sogningane heile 6-0 i Hafstadparken laurdag. Det som i utgangspunktet skulle vere ein tett og jamn duell mellom to lag som kjempar for å unngå nedrykk, vart i staden einvegskøyr utover i kampen. Førde dominerte meir og meir, og utover…

Foto:

Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug sine ord vart meir og meir forståelege etter at Førde utklassa sogningane heile 6-0 i Hafstadparken laurdag.

Det som i utgangspunktet skulle vere ein tett og jamn duell mellom to lag som kjempar for å unngå nedrykk, vart i staden einvegskøyr utover i kampen. Førde dominerte meir og meir, og utover i 2. omgang var det eigentleg berre spørsmål om kor stor sigeren til Førde skulle bli.

Ros til alle

-I dag skal alle spelarane ha ros for intensitet og løpsvilje begge vegar. Vi har hatt jamn stigning i mannskapet i det siste, men har fått altfor dårleg utteljing med tanke på poeng i dei siste kampane, seier ein tydeleg letta og glad Knut Erik Folland etter 6-0-sigeren. Og han er raskt framme med å rose alle spelarane som var i aktivitet i plaskregnet.

-Vi ser at denne viljen smittar over på alle. Også innbytarane som kjem inn har lyst til å bidra. Men det er klart at til dømes ungguten Nicolai Hvidsten gjer ein strålande jobb sentralt på midtbane. Han blir berre betre og betre. Og så har vi Jacob som duellerer som berre det, og Magne som er som ein virvelvind. Og så har vi Vegard som stikk i bakrom heile tida. Og så har…… Nei i dag fortener absolutt alle å få skryt. Dette var ein fantastisk dag, smiler Folland og vil helst flytte fokuset fra til dei to siste kampane.

Audmjuk sogning

-Det er dei to siste kampane som er viktig no. Vi skal kose oss med denne sigeren, men eg forventar same innsats i dei to siste kampane, mot Brumunddal og Elverum. Det er det alt handlar om, seier Folland og takker Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug for oppgjeret.

-Dette vart akkurat slik eg forventa. Våre unggutar har ikkje sjanse til å vinne desse duallane som Førde legg opp til. Eg rekna med at det vart langpasningar frå den bakre firaren deira. Og det stemte. Då hadde vi eigentleg ikkje sjanse. Og det er klart at hadde eg hatt dei same spelarane som Førde har, så hadde eg gjort det samme, seier Krosshaug og er audmjuk med tanke på at Førde fekk dominere banespelet utover i 2. omgang.

Kniven på strupen

-Resultatmessig var ikkje dette ein 6-0-kamp, men Førde lukkast med det meste i dag. Og det skal dei ha all ære for. Mine unggutar må lære av denne kampen. Slik er vaksenfotballen, og då må du gå i duellane. No har vi Spjelkavik og Hødd 2 igjen. Så vi har absolutt kniven på strupen, seier sogningen med ansvar for Sogndal 2.

-Eg håpar at både Florø, Førde og Sogndal 2 vil overleve, men akkurat no ser det mest alvorleg ut for vår del. Vi må iallfall gjere som Førde, og vise vilje til å vinne. Og akkurat der var Førde gode i dag. Så fullt fortent tre poeng til Knut Erik Folland og Førde i dag, seier Krosshaug og gjer klar for heimreisa til fruktbygda med null poeng i bagasjen.

Etter kampane i dag, ser botnstriden slik ut i Norsk Tipping-ligaen. Tre av desse laga vil rykke ned:

Brumunddal        31 poeng

Florø      27 poeng

Førde    25 poeng

Volda     25 poeng

Sogndal II           24 poeng

Spjelkavik            23 poeng

Hødd II                22 poeng (har spelt ein kamp mindre)

Raufoss II            10 poeng

Vi kjem med meir frå 6-0-kampen mot Sogndal 2 litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert