DESSE FIRE FRONTAR NY SATSING

Publisert 08.01.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Komande sesong vil Førde il Fotball stille med to damelag. Måndag kveld vart den nye satsinga presentert for dei unge seniorspelarane. Linn-Mari Nilsen og Geir Hoff vert dei nye trenarane. Mangeårig toppspelar Linn-Mari Nilsen er tilbake i Sunnfjord etter fem år med toppseriespel for Røa i Oslo. Keeperen Linn-Mari Nilsen har også spelt på dei…

Foto:

Komande sesong vil Førde il Fotball stille med to damelag. Måndag kveld vart den nye satsinga presentert for dei unge seniorspelarane. Linn-Mari Nilsen og Geir Hoff vert dei nye trenarane.

Mangeårig toppspelar Linn-Mari Nilsen er tilbake i Sunnfjord etter fem år med toppseriespel for Røa i Oslo. Keeperen Linn-Mari Nilsen har også spelt på dei fleste norske landslag, med mange kampar for både J15, J16, J17, J19 og U-23-landslaga. No skal ho saman med mangeårig damelagstrenar i Førde, Geir Hoff, ta ansvar for nysatsinga, Førde 2.

God erfaring

Hovudtrenar for førstelaget på damesida i Førde, Johan Pettersen, understrekar at sjølv om det er snakk om to forskjellige lag, så skal mesteparten av arbeidet bli gjort saman i dei to gruppene.

-Vi vil opprette ei eiga avdeling i klubbhuset med to damelags-garderobar. Garderobe 7 og 8 skal bli vår «nye heim» på mange måtar. Dessutan skal begge laga trene på same tid og bane i Hafstadparken frå måndag 15. januar av, kunne Johan Pettersen orientere det unge damelaget om. Det blir tre treningar i veka.

Har 21 spelarar

-Det er store utfordringar med tanke på å klare å få logistikken til å fungere godt dette året. Førstelaget skal spele bortekampane sine i Bergensområdet, og då vil det kunne bli utfordringar med tanke på å mønstre spelarar på det laget som skal spele i 3.divisjon i Sogn og Fjordane. Men vi veit at det er 21 spelarar som soknar til denne gruppa. Viss alle er motiverte, så skal vi klare dette fint, kunne Johan Pettersen orientere det tidlegare J15-17-årslaget om.

-Det blir iallfall nok kampar framover. Vi kjem til å kutte ut Adidas Cup dette året, då det er for lange reiseavstandar i samband med denne cupen. Men vi har NM i både J19 og J16, og skal spele i vinterserien med lag i begge desse to aldersklassane, fortalde Johan Pettersen og ser at lagleiarane som har vore rundt laget dei siste åra, Vibeke Hafstad Wennevold og Thomas Kjenes, også stiller på ein sesong til.

Mange kampar

Når det gjeld motstandarar til Førde 2 i årets serie i Sogn og Fjordane, så er ikkje dette kjent då fristen for å melde på lag først går ut 1. februar.

-Men vi håpar at klubbar som Måløy, Stryn, Tambarskjelvar, Høyang, Sogndal og Askvoll/Holmedal iallfall stiller lag. Kanskje kjem det eit damelag frå Florø også. Så det ser positivt ut, og eg er sikker på at dette blir ein flott overgang frå jentefotballen til seniorfotballen for alle her, seier Johan Pettersen til dei frammøtte i Hafstadparken måndag kveld.

På bildet ser vi kvartetten Linn-Mari Nilsen, Geir Hoff, Vibeke Hafstad Wennevold og Thomas Kjenes som vil ha ansvar for det nye damelaget til Førde il Fotball i 2024-sesongen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert