SIGNATURANE ER PÅ PLASS

Publisert 13.12.2023 av Stig Roger Eide

Del via

I dag vart det klart at duoen Johan Pettersen og Terje Norevik skal føre vidare planane om damesatsinga i klubben. Og i 2024 blir det fleire og tøffare kampar mot lag frå Hordaland. -Når vi har fått klare tilbakemeldingar frå både spelargruppa og klubben om at dei vil at vi skal halde fram som trenarar,…

Foto:

I dag vart det klart at duoen Johan Pettersen og Terje Norevik skal føre vidare planane om damesatsinga i klubben. Og i 2024 blir det fleire og tøffare kampar mot lag frå Hordaland.

-Når vi har fått klare tilbakemeldingar frå både spelargruppa og klubben om at dei vil at vi skal halde fram som trenarar, så var det ikkje så vanskeleg å seie ja til ein sesong til, smiler duoen då dei signerer arbeidskontrakten med Bjørn Totland som er tilsett som sportsleg ansvarleg i klubben.

Nytt og tøft

Duoen Pettersen/Norevik var ansvarlege trenarar sist sesong, og fekk i haust høve til å teste nivået mot lag frå Hordaland. Etter erfaringane som vart gjort då, har Førde il Fotball søkt seg inn i eit samarbeid med nabokretsen også komande sesong. Og NFF Hordalannd har inkludert Førde i denne 3.divisjon, som vil gå under namnet 3.divisjon Vestland. Dermed ventar det 13 kampar sør for Sognefjorden for Førde sitt damelag.

-Ja, det blir litt større utfordringar med tanke på logistikk, då det blir fleire lange reiser til bortekampane. Men det er vi førebudde på. Og spelarane er positive til dette, seier Terje Norevik som vil vere Johan Pettersen sin assistent også komande sesong.

Lært mykje

-Vi lærte mykje i haust då vi møtte fem lag frå Hordaland i ein eigen serie, og det unge mannskapet vi har ser utviklingspotensiale i å få fleire slike tøffe kampar. Vi veit at det er mange klubbar som kan tenke seg våre spelarar, men vi har lyst å byggje vårt eige lag rundt desse spelarane. Og vi er trygge på at mange av desse spelarane vil ta steg på sikt, seier Johan Pettersen og vedgår at både jentene og trenarane nesten ikkje kan vente til sesongen skal starte opp igjen.

-Det er etablert eit godt miljø i denne gjengen, og dei støttar kvarandre i både med- og motgang. Vi ser at det er gjort noko rett med tanke på den gruppa vi har, og veit at det kjem mange spennande spelarar opp frå dei yngre klassane. Vi har lyst til å vere som eit lokomotiv for damefotballen. Så det å matche oss mot desse klubbane frå Hordakland blir spennande, seier duoen Johan Pettersen og Terje Norevik.

Dette er klubbane

Dette er klubbane som skal spele i den nyoppretta 3.divisjonsavdelinga Vestland: Arna-Bjørnar 2, Askøy, Bjarg, Bremnes, Fyllingsdalen 2, Førde, Loddefjord, Lyngbø, Nymark, Os, Sotra, Voss, Åsane 2 og mest sannsynleg også Brann 2.

På bildet har Johan Pettersen og Terje Norevik akkurat signert som nye trenarar for Førde sitt A-lag damer. I midten Bjørn Totland som er sportsansvarleg i klubben.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert