ROGNSØ: -DETTE VAR EIN GREI START PÅ HAUSTEN

Publisert 13.08.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Førde vann komfortabelt 4-0 over Lillehammer i den første haustkampen i dag, men trenar Terje Rognsø jublar likevel ikkje hemningslaust. –Nei, vi kunne faktisk ha vore betre, både offensivt og defensivt, seier han. Med tre nye poeng klatra Førde faktisk nærare toppen etter helgas kampar i 3. divisjon då topplaget Molde 2 gjekk på eit…

Foto:

Førde vann komfortabelt 4-0 over Lillehammer i den første haustkampen i dag, men trenar Terje Rognsø jublar likevel ikkje hemningslaust. –Nei, vi kunne faktisk ha vore betre, både offensivt og defensivt, seier han.

Med tre nye poeng klatra Førde faktisk nærare toppen etter helgas kampar i 3. divisjon då topplaget Molde 2 gjekk på eit overraskande tap mot Elverum på heimebane. Dermed er det to klubbar på 36 poeng (Aalesund 2 og Elverum), medan to lag har 33 (Førde og Molde 2).

-Ja, det overraskar meg noko at vi heng med i toppen. Men det er sjølvsagt gledeleg. Men husk vi har hatt store vanskar både defensivt og offensivt i laget grunna skader, og først no nærmar vi oss tilnærma fullt mannskap, seier Rognsø etter 4-0-sigeren.

Bli betre

Med null baklengsmål mot Lillehammer burde trenaren sjølvsagt vere godt nøgd med det defensive, men Rognsø meiner det klart er forbetringspotensial.

-Sjølvsagt. Lillehammer kjem til nokre sjansar, men utan at dei scorar. Eg ville gjerne ha hatt den bakre firaren meir offensive, slik at avstandane i laget ikkje er for store når vi får brot mot oss. Men det får vi jobbe med, seier han og meiner også at dei offensive spelarane burde ha scora meir enn fire mål.

-Isolert sett så ser det bra ut med å vinne 4-0. Men med tanke på at vi hadde garantert tosifra med målsjansar i den andre omgangen, burde vi ha scora langt fleire, seier han.

Ny kamp i morra

Likevel har Førde il Fotball fått ein god start i Norsk Tipping-ligaen, og trenaren nytta høvet til å teste ut fem innbytarar.

-I den situasjonen vi er i, så er det greitt at vi sparer nokre spelarar noko. Difor mellom anna brødreskifte mellom Peter og Stefan Aase i pausen. Vi må matche nokre av dei som tilbake litt forsiktig, seier Rognsø og viser til at fleire av dei spelarane som kom inn i 2. omgang, skal spele mot Jølster i Kretsligaen søndag.

-Det betyr at mange får nødvendig kamptrening. Det er heilt klart ein styrke for troppen totalt. Og allereie til helga ventar ein tøff bortekamp mot Raufoss 2, avsluttar Terje Rognsø.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Lena Årseth

Kampfakta

FØRDE-LILLEHAMMER 4-0 (3-0)

Førde stadion

Mål:

  1. 1-0 6 min Ntege Cone
  2. 2-0 31 min Mathias Sagevik
  3. 3-0 39 min Vegard Savland
  4. 4-0 59 min Jacob Bergset

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Elias Rognebakke, Øystein Østvik (Andreas Årseth i 72.min), Stefan Aase (Peter Aase i 46.min), Jacob Bergset, Mathias Sagevik (Mathias helgheim i 80.min), Sander Aamelfot (Simen Indrebø i 72.min), Vegard Savland, Ntege Cone

Relatert