HER VIL DEI TRENE FRAMOVER

Publisert 10.12.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Så lenge undervarmen ikkje fungerer optimalt i Hafstadparken, så har Førde sitt herrelag lagt si første trening til den nye Bygstadhallen. -Det blir meir køyring, men betre treningsforhold, seier hovudtrenaren. Fredag kveld gjennomførte Alexander Lekva si første trening med A-laget til Førde. Totalt stilte 16 spelarar opp i den nye Bygstadhallen, og hovudtrenaren ser på…

Foto:

Så lenge undervarmen ikkje fungerer optimalt i Hafstadparken, så har Førde sitt herrelag lagt si første trening til den nye Bygstadhallen. -Det blir meir køyring, men betre treningsforhold, seier hovudtrenaren.

Fredag kveld gjennomførte Alexander Lekva si første trening med A-laget til Førde. Totalt stilte 16 spelarar opp i den nye Bygstadhallen, og hovudtrenaren ser på denne treninga som først og fremst ei sosial økt.

Varmt og godt

-Det var eit uvant underlag å spele på, då det er nytta sand som innfylling i kunstgraset i staden for gummigranulat. Bana var derfor litt turr, men det er sikkert noko vi vil venne oss til etter kvart, seier Lekva og viser til at herrelaget først startar opp dei ordinære treningane frå 8. januar.

-Frå januar og ut mars har vi bestilt treningstid tre kvelder i veka i Bygstadhallen, medan vi skal ha ei økt i Skei storhall. Dessutan blir det to økter på Puls, seier Lekva.

Ikkje i parken

Lekva kan dermed røpe at Hafstadparken ikkje vil bli brukt til trening med mindre tilhøva blir veldig gode.

-Slik situasjonen er i Hafstadparken, så er det vanskeleg å førebu seg på noko med tanke på langtids-planleggjing. Undervarmen fungerer ikkje optimalt, og bana blir lett hard. Kunstgrasmatta er dessutan nedslitt grunna både brøyting og uvanleg aktiv bruk over lang tid. Noko som gjer at det er større fare for skader på spelarane, fortel Lekva etter ei god treningsøkt inne i Bygstadhallen.

I shorts

-Her inne var det varmt og godt med ein temperatur mellom 12 og 15 grader. Og med tanke på den kulden vi har hatt utandørs den siste månaden, er det godt å trene innandørs i shorts, seier Lekva og trur kvaliteten på treningane blir betre.

-Sjølvsagt blir det noko meir køyring for spelarane, men det er noko vi alle saman er positive til. Dessutan bør vi jo bruke dei to hallane vi har fått bygd i kommunen, seier Lekva og ser allereie fram til å starte opp 2024-sesongen måndag 8. januar.

Første treningskamp går av stabelen allereie 20. januar. Då er OBOS-ligalaget Sogndal med trenar Tore André Flo som er motstandar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert