NO BLIR DET KAMPAR PÅ VESTLANDET

Publisert 08.12.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Sportsleg er det kanskje tøffare, men økonomisk er det ein fordel for klubben, seier hovudtrenar Alexander Lekva om 3.divisjonsoppsettet til neste sesong. I samband med cupfinalehelga i Oslo vart avdelingsoppsettet for Norsk Tipping-ligaen gjort kjent i dag. Dei tre klubbane frå Sogn og Fjordane, Førde, Florø og Årdal, hamna alle i samme avdeling. Men nytt…

-Sportsleg er det kanskje tøffare, men økonomisk er det ein fordel for klubben, seier hovudtrenar Alexander Lekva om 3.divisjonsoppsettet til neste sesong.

I samband med cupfinalehelga i Oslo vart avdelingsoppsettet for Norsk Tipping-ligaen gjort kjent i dag. Dei tre klubbane frå Sogn og Fjordane, Førde, Florø og Årdal, hamna alle i samme avdeling. Men nytt for 2024-sesongen er at desse tre klubbane hamna alle saman i avdeling med klubbar på Vestlandet.

Kabalen gjekk opp

-Eg hadde fått signal på at detet kanskje kunne skje, då forbundet ikkje ville få kabalen til å gå opp elles. Dermed blir våre lengste reiser ned til Haugesund, og dei fleste kampane vil gå i Bergensområdet, seier Alexander Lekva.

Dette er laga Førde skal møte neste sesong: Askøy, Bjarg, Djerv 1919, Fana, Florø, Frøya, Haugesund 2, Loddefjord, Os, Sandviken, Stord, Årdal og Åsane 2.

Tøft sportsleg

-Det er heldigvis berre to toar-lag i avdelinga, nemleg Åsane og Haugesund. Det betyr at oppgjera blir litt meir føreseielege då vi veit kva mannskap klubbane rår over. Elles trur eg dette blir ei tøff utfordring for oss sportsleg. Men den utfordringane skal vi ta, seier Førde sin nye hovudtrenar.

16.mai i Florø

Samstundes er det klart at med tre lag frå Sogn og Fjordane fotballkrets i same avdeling, så vil det også bli nokre spennande lokaloppgjer. Ikkje minst betyr det mest sannsynleg at det blir 16.mai-oppgjeret mellom sunnfjordbyane Førde og Florø. I 2023 vart dette derbyet spelt i Førde, noko som betyr at mest truleg vil 16. mai-kampen i 2024, bli spelt i Florø.

-Ja, det stemmer truleg viss vi skal følgje tradisjonen. Og det blir sjølvsagt veldig spesielt for meg, då eg i fjor var trenar for Florø. Men slike lokaloppgjer er jo noko vi ser fram til, så eit sunnfjordoppgjer på Florø stadion dagen føre dagen blir berre helt topp, seier Alexander Lekva.

Bilda er henta frå 16. mai-kampen mellom Førde og Florø på Førde stadion.

Vi kjem tilbake med meir stoff om laga i denne avdelinga.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert