-VI ER GLADE OG LETTA

Publisert 17.06.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Fredag vedtok Sunnfjord kommunestyre å starte arbeidet med å omregulere Hafstadparken med tanke på bygging av storhall. – Vi er eit langt steg nærare, og intensiverer no jobben med å sikre oss meir kapital, seier desse eldsjelene. I meir enn tre år har eldsjeler i Førde idrettslag og Førde il Fotball jobba for å realisere…

Fredag vedtok Sunnfjord kommunestyre å starte arbeidet med å omregulere Hafstadparken med tanke på bygging av storhall. – Vi er eit langt steg nærare, og intensiverer no jobben med å sikre oss meir kapital, seier desse eldsjelene.

I meir enn tre år har eldsjeler i Førde idrettslag og Førde il Fotball jobba for å realisere bygging av storhall i Førde. Med det store fleirtalet dei opplevde i Sunnfjord kommunestyre i går, ser dei at vegen framover ikkje nødvendigvis treng å bli så lang.

-Dette var eit viktig vedtak, og viser til at kommunikasjonen med administrasjon og politikarane har gjeve resultat. Alle møta med dei politiske grupperingane har vore konstruktive, og det er tydeleg at det er mange som har sett behova for storhall i Førde. Og helst i dette området som vi kallar Førde idrett og kulturpark, seier Arne Helgheim som er leiar i Førde idrettslag.

Masse nytt

Saman med idrettsleiarane Per Øyvind Storevik, Arild Sandvoll og Geir Vindheim var han fredag kveld på synfaring i området, og for å diskutere vidare prosessar.

-Det er viktig å få presisert at aktivitetsområda i Hafstadparken slik dei er i dag ikkje vil bli endra. Ein storhall vil berre auke bruken av parken, spesielt i den mørke og kalde årstida. Her kan vi ha konsertar, messer, utstillingar og ikkje minst masse annan aktivitet. Dette er nemleg ikkje ein fotballhall. Dette er ein storhall med plass til utruleg mykje, seier leiaren i ei av Norges største fotballgrupper, Arild Sandvoll.

Utvikling

Dei fire eldsjelene er opptekne av å sjå muligheiter med tanke på det som skal skje i parken framover.

-Vi byggjer for framtida. Førebels har vi samla inn 17 millionar kroner med gåver frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Dessutan er det rekna med om lag 8 millionar i spelemidler. Og no gyv vi laus på dette økonomiske arbeidet vidare framover. Samstundes håpar vi at det gode og konstruktive samarbeidet vi har hatt med kommunen held fram. Vi er alltid på tilbodssida, og er trygge på at vi saman skal finne gode løysingar, seier Helgheim og vert støtta av Per Øyvind Storevik som er dagleg leiar i idrettslaget.

-Prosjektgruppa for storhall har jobba intensivt i lang tid, og skal ha ros for arbeidet sitt. Får vi på plass Førde storhall, så vil det bety utruleg mykje for dei fleste innbyggjarane i området. Vi trur at storhallen vil fungere som ein magnet for ny og viktig aktivitet. Dette vil bli eit viktig supplement til den suksessen som Hafstadparken allereie er, seier han og viser til at trioen Knut Folkestad, Lars Idar Vegsund og Jan Nikolai Hvidsten også har vore sentrale i dette arbeidet.

Enorme summar

-Som det meste arbeidet i idrettslaget, så er dette utført på dugnad. Totalt utgjer dugnadsarbeidet per år 27 årsverk i Førde il Fotball, og dette frivillige arbeidet representerer ein verdi på 55 millionar kroner årleg. Idretten bidrege med andre ord til veldig mykje av det som skjer i Førde-samfunnet. No står heile idrettsrørsla samla bak vedtaket om å få på plass storhallen, og då er vi svært letta over at politikarane har støtta oss på dette, seier Arne Helgheim, medan Geir Vindheim skyt inn:

-Det er eigentleg no mykje av arbeidet startar. Berre fantasien set grenser for kva ein storhall kan nyttast til. Reknar med at kommunen går i gang med reguleringsarbeidet, så skal vi innanfor idretten jobbe på andre område. Dette er Førde si framtid, og kjem til å bli ein ny milepåle i vår historie, smiler Vindheim og vert støtta av dei fire idrettseldsjelene.

VI ER EIT LANGT STEG NÆRARE STORHALL I FØRDE

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert