NO REISER HAN FRÅ FØRDE

Publisert 05.01.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Eliteserieklubben Aalesund FK har kasta sine auge på Førde-trenar Elias Øvretveit Larsen. Allereie på torsdag er han på si første trening hos tangotrøyene på Sunnmøre. -Ja, når eg først fekk tilbod om å jobbe på heiltid med fotball, så var ikkje valet så vanskeleg. Men som eg sa til Førde-spelarane på tysdag, at viss det…

Foto:

Eliteserieklubben Aalesund FK har kasta sine auge på Førde-trenar Elias Øvretveit Larsen. Allereie på

torsdag er han på si første trening hos tangotrøyene på Sunnmøre.

-Ja, når eg først fekk tilbod om å jobbe på heiltid med fotball, så var ikkje valet så vanskeleg. Men

som eg sa til Førde-spelarane på tysdag, at viss det var følelsane som skulle avgjere, så hadde eg blitt

i Førde. Men dette var eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til, seier Elias Øvretveit Larsen som har brukt

dei siste dagane til å ta avgjerda.

Kjende profilar

– Ja, då eg fekk telefonen frå Per Gidlund i Aafk tenkte eg at dette var ein sjanse eg burde ta. Eg har

alltid hatt eit mål om å jobbe med fotball på heiltid, og no kunne eg få jobbe saman med mange

dyktige fotballtrenarar, seier Elias Øvretveit Larsen som no vil få plass i samme kontorlandsskap som

profilerte trenarar som til dømes Tor Hogne Aarøy, Amund Skiri og Lars Arvid Nilsen på Color Line

stadion.

-Jobben min vil vere delt mellom G17-laget til klubben og det nyoppretta «Sunnmørsakademiet». I

akademiet skal eg jobbe saman med sportsleg leiar Fredrik Carlsen og trenarutviklar Reidar Vågenes.

Der er målet å bidra til auka kvalitet i barne- og ungdomsfotballen på Sunnmøre. I mine auge ein

svært spennande jobb, seier Elias som har spelt med heilt opne kort om denne prosessen med Førde

il Fotball.

Godt samarbeid

-Ja, dette har eg diskutert med Terje Rognsø mange gonger, og vi har hatt samtalar med styret. Vi har

dessutan prøvd å legge ein ny kabal med tanke på framtida for Førde il Fotball. Ikkje minst har det

vore viktig å få opp i dagen kva arbeidsoppgåver som må ivaretakast i klubben, fortel Elias Øvretveit

Larsen som torsdag 5.. januar signererte kontrakt med Aafk, og hans første trening på Sunnmøre er venta å

vere ein av dei første dagane.

-Eg kunne kort og godt ikkje la denne sjansen til å jobbe med fotball på heiltid gå frå meg. Det er

noko også Terje Rognsø har støtta meg 100 prosent på. Førde il Fotball har heile tida vist forståing for

dette. Eg ser at det blir skapt utfordringar i klubben, men eg føler meg trygg på at dette er noko som

vil bli løyst på ein god måte, seier Øvretveit Larsen overfor Førdepatrioten.

Følelsar

-Eg har hatt gode dagar i Førde-fotballen og har lært mykje. Og kanskje eg ein gong vender tilbake.

Uansett skal eg følgje med klubben tett framover, seier Elias emosjonelt og prøvar ikkje å skjule at

det er sterke følelsar når han reiser.

-Men eg kan ikkje la følelsane mine styre dette. Målet er å jobbe med fotball i 100 prosent stilling. No

har eg endeleg fått sjansen, seier han og takkar for samarbeidet.

Førde il Fotball takkar for eit svært god samarbeid gjennom fleire år, og ønsker lykke til, Elias!!

Bildet er teke under romjulsturneringa i Førdehuset då Elias var kaptein på det vinnande laget, og alle spelte i Bodø/Glimt-drakter.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert