-SCORAR VI MÅL, BLIR DET PENGAR I KASSA

Publisert 21.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Desse fire Førde-spelarane er svært nøgde med at det i år er oppretta ein scoringsklubb for damelaget. -Klart vi skal score så mange mål som mogleg. No vil det løne seg, smiler Inga Hoff. Inga Hoff har dei siste åra vore ein sikker leverandør av mål i Førde-drakta, og i år håpar ho også at…

Foto:

Desse fire Førde-spelarane er svært nøgde med at det i år er oppretta ein scoringsklubb for damelaget. -Klart vi skal score så mange mål som mogleg. No vil det løne seg, smiler Inga Hoff.

Inga Hoff har dei siste åra vore ein sikker leverandør av mål i Førde-drakta, og i år håpar ho også at trioen Martine Honningsvåg Aarnes, Vilde Wie og Kaja Johannessen Skrede skal bidra med mange mål. Og alle dei andre Førde-spelarane på laget også sjølvsagt!

Støtt damelaget

Det nye for 2023-sesongen er det er oppretta ein scoringsklubb for damelaget, og kven som helst kan kjøpe andelar i dette. Denne kostar 50 kroner.

-Dette er etter initiativ frå nokre ivrige i foreldregruppa, og vi håpar å få inn nok pengar til å reise på ei treningssamling i løpet av året, seier damelaget sin trenar Johan Pettersen og ser at scoringsklubben allereie har fått god respons.

-Det er tydeleg at dette er noko som er populært. Medlemmene av scoringsklubben betalar tre kroner per mål som damelaget scora i løpet av dei sju kampane som er i vårsesongen. Serien for hausten blir nemleg ikkje avgjort før vi ser utfallet i vår, seier Pettersen og ser at medlemmene i scoringsklubben også kan vinne premier.

-Det betyr at du støttar damefotballen direkte i klubben, og samstundes kan du vinne gåvekort på Sport1, seier han.

Ta kontakt

Salsperioden for andelar i scoringsklubben går frå 15. mars, og vert avslutta 20. april. Fredag 21. april startar nemleg Førde-damene årets sesong med bortekamp mot Stryn.

Informasjon om scoringsklubben får du hos lagleiar Atle Skrede, som også står ansvarleg for å halde kontroll på dette nystarta initiativet.

-Vi i støtteapparatet rundt damelaget har eit mål om å selje 350 andelar i scoringsklubben, og har i løpet av den knappe første veka fått solgt 60. No håpar vi berre at fotballinteresserte vil støtte damelaget på denne måten. Ikkje minst håpar vi at dette kan motivere alle spelarane til å score mange mål. Då veit dei kva som ventar til hausten eller vinteren, seier lagleiaren for Førde il Fotball sitt damelag i 3. divisjon.

Så viss du har lyst til å kjøpe andel i scoringsklubben er det berre å kontakte Atle Skrede, andre i støtteapparatet rundt damelaget eller spelarane på laget.

-Vi kjem også til å ha stand i sentrum i tida som kjem, mellom anna hos den viktige samarbeidspartneren vår, Sport1, avsluttar lagleiaren.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert