INGEN OVER, INGEN VED SIDAN AV

Publisert 27.11.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Dette er statistikken over alle spelarane som har spelt for Førde sitt A-lag herrar dei siste 20 åra. Og på toppen tronar sjølvsagt Eirik Flatjord med imponerande 361 obligatoriske kampar. Det er her snakk om 2., 3. og 4. divisjon. Heilt sidan Eirik Flatjord fekk sin debut på Førde sitt A-lag i 2006, har forsvarsspelaren…

Dette er statistikken over alle spelarane som har spelt for Førde sitt A-lag herrar dei siste 20 åra. Og på toppen tronar sjølvsagt Eirik Flatjord med imponerande 361 obligatoriske kampar. Det er her snakk om 2., 3. og 4. divisjon.

Heilt sidan Eirik Flatjord fekk sin debut på Førde sitt A-lag i 2006, har forsvarsspelaren spelt så godt som alle kampar gjennom sesongane. Sjå berre på denne rekka av kampar som den fotrappe og gjennomtrente Eirik Flatjord har spelt: 15-21-25-24-26-18-26-26-16-24-25-24-23-21-10-20-17. Til saman 17 sesongar så langt, og mest sannsynleg går han på ein ny sesong med moderklubben.

PS: Det er verdt å merke seg at den sesongen med ti kampar (2021), så skuldast det at A-laget til Førde berre spelte ti kampar grunna korona-pandemien.

Mange på lista

Bak Eirik Flatjord er det eit sprang tilbake til Kai Kilnes som stoppa opp på 290 kampar, medan veterantrioen Gisle Isene, Thor Jørgen Spurkeland og Pål Arve Myklebust stoppa opp på høvesvis 206, 203 og 200 kampar.

Det er Marius Storevik, den yngste sonen til dagleg leiar Per Øyvind Storevik, som har ført statistikken fram til dags dato. Det heile starta med at han hadde utplassering i Førde il Fotball på ungdomsskulen, og seinare har han møysommeleg ført inn alle kamptroppene til Førde. På same viset har han henta fram tal frå både Firda sine kampstatistikkar og Norges Fotballforbund sine oversikter.

Sjekk desse

Dette er spelarane som har meir enn 90 kampar for Førde i denne perioden:

Terje Sørbø                       192 kampar

Kai Vidar Nygård              177     «

Bernt Norevik                   169      «

Øystein Vetti                     154      «

Benny Rivedal                  154      «

Ruben Holsæter               145      «

Ole Henrik Gulliksen       144      «

Vegard Savland                142     «

Alexander Ødegaard       132      «

Tore Evensen                   131     «

Vegar Gjermundstad       126      «

Kim Tangedal                    123     «

Sander Solvik                    120      «

Henrik Hagen                    114      «

Erlend Moen Taule          114      «

Kristoffer H. Iversen        112      «

Fredrik Hanssen               111      «

Vegard Skjeldestad          106      «

Daniel Kvalvågnes           102     «

Steinar Tenden                 99        «

Stein Erik Solheim           96       «

Eirik Fraas                        95      «

Mathias Sagevik              92        «

Thor Erik Nygård             90        «

Skulle det vere ønske om komplett liste, så får vi komme tilbake til den.

Det er totalt 183 spelarar som har spelt for Førde i alle desse åra.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert