-NO KJEM JENTENE FOR FULLT

Publisert 25.10.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Det er fantastisk flott at vi har eiga jentegruppe på Akademiet vårt, seier Bjørn Totland under treningar med dei mest aktive i Førde il Fotball. Gjennom veka er godt 100 utøvarar i alderen ni til 12 år deltakarar på Førde-akademiet. Gutegruppene er inndelt i årskull, men for jentene er det samla spelarar i heile aldersspennet.…

-Det er fantastisk flott at vi har eiga jentegruppe på Akademiet vårt, seier Bjørn Totland under treningar med dei mest aktive i Førde il Fotball.

Gjennom veka er godt 100 utøvarar i alderen ni til 12 år deltakarar på Førde-akademiet. Gutegruppene er inndelt i årskull, men for jentene er det samla spelarar i heile aldersspennet.

Tøffe jenter

-Det betyr sjølv at vi har nokre tøffe jenter i niårsalderen som er saman med 12-åringane. Men det er noko dei vekse på, og som vi tek omstyn til, seier Totkland og ser at for første gang i hans tid i Førde-fotballen, så er det ei rein jentegruppe. Og som dessutan har eigne kvinnelege trenarar.

-Totalt har vi innpå 35 deltakarar, men i dag er vi 24 spelarar. Det skuldast at nokre kan vere sjuke, og nokre driv med alternative treningar akkurat i dag, seier Totland og ser dei tre damespelarane Viktoria Zablotna, Frida Skilbrei og Marit Hjelmeland Berqvam startar oppvarminga med akademi-jentene.

A-laget kjem også

-Dette er framtida til Førde il Fotball, og det er viktig at vi gjev dei så gode økter som mogleg. Noko vi legg stor vekt gjennom skulering av trenarkorpset vårt. Og om ei god veke har vi utfordra A-laget til herrane om å ta akademi-treningane laurdag 4. november. Noko eg er sikker på vil vere populært, seier Totland medan dei 24 jentene på bildet er i full aktivitet på bane 2 i Hafstadparken.

-Til og med veke 49 skal vi ha treningane i Hafstadparken. Dessutan har vi fått tildelt to treningstimar inne i Førdehuset som vi vil rullere mellom gruppene, seier Bjørn Totland til Førdepatrioten sin utsende tysdag ettermiddag.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert