FØRDE CUP BLIR BERRE STØRRE OG STØRRE

Publisert 20.10.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Innandørscupen i Førdehuset 10. til 12. november når nye høgder. -Vi kunne hatt 160 lag på plass, men har sett stopp då vi ikkje har plass til meir enn 138, seier Geir Vindheim som er ansvarleg for kampoppsettet i den tradisjonsrike turneringa. Når eit stort frivillegkorps av foreldre og andre i Førde il Fotball tek…

Foto:

Innandørscupen i Førdehuset 10. til 12. november når nye høgder. -Vi kunne hatt 160 lag på plass, men har sett stopp då vi ikkje har plass til meir enn 138, seier Geir Vindheim som er ansvarleg for kampoppsettet i den tradisjonsrike turneringa.

Når eit stort frivillegkorps av foreldre og andre i Førde il Fotball tek mot delatakar-laga fredag 10. november, vil heile Førde bli prega av at at det er minst 2000 gjester i byen. I tillegg til at dei fleste hotellromma er okkuperte av tilreisande fotballspelarar, vil om lag 800 personar overnatte i klasserom på anten Hafstad vidaregåande skule eller Førde Ungdomsskule.

-Vi har totalt 800 overnattingsgjestar og det er soleklar ny rekord for Førde cup. Heile 84 av laga skal ha denne typen overnatting. Det flotte er at vi får nytte to skular i gangavstand frå Førdehuset, som gjer arrangementet kompakt. Noko som eg trur gjer at Førde Cup er såpass attraktiv, seier Øystein Fosstvedt som er ansvarleg for skule-overnattinga.

På venteliste

Totalt vil 138 lag delta i årets Førde Cup og Geir Vindheim, som er ansvarleg for kampoppsettet, seier at dei har åtte lag på venteliste.

-Vi hadde totalt 151 påmelde, og kunne garantert ha hatt 160 lag til årets Førde Cup. Men vi har kort og godt ikkje kapasitet til fleire enn 138 deltakarlag. No er vi heilt på grensa. For å kunne gjennomføre årets Førde Cup må vi dessutan ta i bruk hallen på Halbrend til nokre kampar laurdag og sundag. Det gjev litt større fleksibilitet ved Førdehuset, men har det minuset at nokre av laga må spele ein av kampane sine på Halbrend. Noko som medfører noko transport-utfordringar, seier Vindheim om den enorme deltakinga av lag frå Møre og Romsdal, samt Vestland.

Mykje mat

Med så mange tilreisande, er det også mange munnar som skal mettast. Og leiar for matserveringa, Anita Solsvik, seier at det er venta 600 til tacomiddag fredag kveld.

-Saman med Martin Haug på Coop-kafeen skal vi servere lasagne, og pølse med stappe, på laurdag til hundrevis av svoltne spelarar/lagleiarar. På sundagen oppfordrar vi laga til å smørje seg nistepakke, og det vil ikkje vere felles middag då. Først og fremst for å redusere matsvinnet som oppstår då mange reiser tidleg då dei blir slått ut av turneringa, seier Solsvik som også har mange års erfaring på Førde Cup.

Ny leiar

-Dette er 26. året vi arrangerer Førde Cup, og det er etablert gode erfaringar i denne gjengen. Ikkje minst er den frivillege innsatsen frå svært mange foreldre i klubben heilt unik. Vi treng folk på rydding, rigging, vakter både i Førdehuset og på skulane, sekretariat, matlaging etc, etc. Dette blir ei helg med fotball døgnet rundt for dei fleste av oss. Kampane startar 08.00 om morgonen og på laurdagskevlden er dei ikkje ferdige før 23.00. Den siste finalen blir ikkje ferdig før 18.00 på sundag. Det trengt då mange skal reise innpå fire timar etter at kampane er ferdige, seier turneringsleiar Tone Lin Støfring Skovro.

På bildet ser vi leiarane i Førde il Fotball som ser fram til årets Førde Cup med rekorddeltaking. Frå venstre: Geir Vindheim, Tone Lin Støfring Skovro, Simo Koskinen, Per Øyvind Storevik, Anita Solsvik, Odd H. Hagen og Øystein Fosstvedt. Dommaransvarleg Bjørn Egil Sunde var ikkje med på møtet.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert