ALLE FØRDE-LAGA VINN!!!

Publisert 26.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Kva er det med Førde og Adidas Cup? Så langt i sesongen har alle Førde-laga som har vore i aktivitet vunne sine kampar. Og det mot sterk motstand frå Bergens-lag. Dei siste sesongane har Førde imponert stort i den landsomfattande Adidas Cup. Klubben har til og med gått heilt til topps i denne populære cupen,…

Kva er det med Førde og Adidas Cup? Så langt i sesongen har alle Førde-laga som har vore i aktivitet vunne sine kampar. Og det mot sterk motstand frå Bergens-lag.

Dei siste sesongane har Førde imponert stort i den landsomfattande Adidas Cup. Klubben har til og med gått heilt til topps i denne populære cupen, og verkeleg sat preg på finalehelga i Gjøvik på tampen av sesongen.

Med så mange lag som deltek, så blir det tradisjonen trur spelt eit innleiande gruppespel i alle klassar, før ein startar på utslagsrundene.

Førde har med sju lag i årets Adidas cup, fordelt på fleire årskull.

Seinast sist helg var fire av laga i aktivitet, og dette er utfallet av kampane til Førde så langt i sesongen:

Gutar 13 år (fødd 2010):

Førde møtte Sædalen frå Bergen på bortebane i helga, og vann like godt 2-5. Dei neste kampane for dette G13-laget er dobbeltkamp i Hafstadparken 13. og 14. mai. Då møter dei Kjøkkelvik og Gneist.

Gutar 14 år (fødd 2009):

Låg lenge under mot Fyllingsdalen i helga, men vann til slutt 5-3 mot sterke Fyllingsdalen frå Bergen. Denne kampen vart spelt i Hafstadparken. Neste kamp for G14-laget er på Vaimbley stadion i Vadheim mot Sund på 1. mai.

Gutar 15 år (fødd 2008):

Vann over Nordhordland med 3-1 i Hafstadparken, og har spelefri i Adidas Cup fram til 20. mai. Då skal dei møte Djerv.

Gutar 16 år (fødd 2007):

Laget som har gått til topps i Adidas Cup to år på rad, har fått ein pangstart i årets sesongn også. Først slo dei Hødd 4-0, før det vart 3-0 over Nordhordland. Neste kamp for desse sigersvande gutane er bortekamp mot Åsane i Bergen 5. mai.

Jenter 13 år (fødd 2010)

Spelar sin først kamp 11. mai, og då er Sogndal motstandar. Elles er Voss det tredje laget i denne pulja.

Jenter 14 år (fødd 2009):

I den første kampen vann dei 2-3 mot bergensklubben Bjarg, og skal møte Fana i Hafstadparken 6. mai.

Jenter 17 år (fødd 2006):

17-årslaget skal spele dobbeltkamp i Romsdal den første helga i mai. Då møter dei Melvik 6. mai, medan motstandar dagen etterpå er Gauldal. Begge desse kampane vert spelte på Reknesbanen i Molde.

Førdepatrioten skal prøve å halde deg oppdatert på korleis det går i desse kampane framover.

Bildet er av Førde sitt G14-årslag etter at dei vann oppgjeret sitt mot Fyllingsdalen i helga.

Tekst: Stig Roger Eide/ Foto: Privat

Relatert