FRÅ SYNDEBUKK TIL HELT

Publisert 27.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Når du bommar på straffe, så kan du lett oppleve å vere syndebukk. Men Elias revansjerte seg fantastisk flott med to nydelege mål og vart helten, seier Bjørn Totland etter at Førde sitt G16-lag nedkjempa Sogndal 2-1 etter ekstraomgangar måndag kveld. Førde er klar for 1. runde i NM etter at dei slo Sogndal 2-1…

-Når du bommar på straffe, så kan du lett oppleve å vere syndebukk. Men Elias revansjerte seg fantastisk flott med to nydelege mål og vart helten, seier Bjørn Totland etter at Førde sitt G16-lag nedkjempa Sogndal 2-1 etter ekstraomgangar måndag kveld.

Førde er klar for 1. runde i NM etter at dei slo Sogndal 2-1 i ein thriller av ein fotballkamp i Hafstadparken i kveld. Sogndølene hadde banespelet i 1. omgang, men utover i kampen vart Førde sin fysikk avgjerande og det såg lenge til å gå mot 1-0-siger til heimelaget. Men Sogndal utlikna på eit langskot i siste sekund av ordinær tid, medan Førde kvitterte på samme viset i det siste minutt av ekstraomgangane. Dermed kunne jubelen runge i Hafstadparken

Flest sjansar

-Eg meiner vi vinn fortent i dag, og skapar heilt klart flest sjansar. Ikkje minst har vi mange i 2. omgang som skulle ha gitt utteljing. Og Sogndal er nok heldige med si scoring. Sånn sett føler er at dette var ein fortent siger til slutt. Men Sogndal har nærma seg vårt nivå, og vi må vere klar over at vi må løfte oss framover viss vi skal halde på posisjonen, seier Bjørn Totland.

Han såg at profilerte ex-Sogndalspelarar som Tore Andre Flo, Stig Nord, Kurt Heggestad og Magdalon Sætre, i eigenskap av å vere foreldre og besteforeldre til spelarar på motstandarlaget, måtte rusle litt skuffa mot parkeringsplassen.

Best i fylket

-No har vi halde på posisjonen som best i fylket, og vi skal ut mot dei beste klubbane i landet i NM-cupen. Dessutan skal vi delta i Adidas Cup også i år, og allereie førstkomande sundag møter vi Hødd i 1.kamp i Adidas Cup i Hafstadparken. Så då må publikum berre komme tilbake, seier Bjørn Totland og ser flesteparten av 200 tilskodarar rusle nøgde heim i marskulden.

Vi kjem snart tilbake med kampfakta og massevis av bilder frå thrilleren av ein G16-kamp.

På bildet ser vi Elias Grimeland signalisere si andre scoring på slutten av andre ekstraomgang, og jubelen kan bryte laus.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert