BEST I NORGE FOR TREDJE ÅRET PÅ RAD

Publisert 15.10.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Sjekk desse gutane. For tredje året på rad har dei vunne Adidas Cup. -Dette er ei fantastisk gruppe, seier trenar Ørjan Vikum. Førde sitt G16-lag fornekta seg ikkje under helgas finalehelg på Gjøvik. Dei vann igjen denne landsomfattande turneringa som har status som uoffisielt NM. I 2021 vann dei som G14, i fjor som G15…

Sjekk desse gutane. For tredje året på rad har dei vunne Adidas Cup. -Dette er ei fantastisk gruppe, seier trenar Ørjan Vikum.

Førde sitt G16-lag fornekta seg ikkje under helgas finalehelg på Gjøvik. Dei vann igjen denne landsomfattande turneringa som har status som uoffisielt NM. I 2021 vann dei som G14, i fjor som G15 og i år som G16.

Tre på rad

-Dette er ei vanvittig bra gruppe. Vi hadde utfordringar under semifinalen mot Kongsberg laurdag. Det var eigentleg den moralske finalen. Likevel klarte vi å avgjere kampen til vår fordel med 3-2-siger. Då forstod eg at det kunne bli ein ny siger i denne turneringa, seier Ørjan Vikum som har vore trenar for denne suksessfylte gjengen i to sesongar. I fjor var det Lars Ove Nistad som hadde laget.

-No er vi historiske med tre sigrar på rad i Adidas Cupen. Vi har tangert Fyllingsdalen sin prestasjon for 12-13 år sidan. Dette står det verkeleg respekt av, seier Førde-trenaren etter at gullmedaljane er heng rundt halsen på spelarane på Vind stadion i Gjøvik.

Sliesiger i finalen

I finalen mot bergensklubben Fana sundag føremiddag vart det også ein slitesiger til Førde, fortel Ørjan Vikum.

-Vi fekk ei leiing i 1. omgang ved Liam Bruflot Undeland, og det vart uhyre spennande gjennom heile den siste omgangen. Men det er klart at når Elias Grimeland kom rett frå landslagssamling i England til finalekampen, så skapte han meir ro i gruppa defensivt. Og vi klarte å ri i land ein fortent 1-0-siger. Dessutan spelte både Liam Bruflot Undeland og Vegard Otterlei Fløholm svært godt i finalen. Og for tredje året på rad, så vart ein Førde-spelar kåra til turneringas beste, nemleg Vegard Lorgen. Han vann også for to år sidan, medan det var Teodor Aamot som fekk denne statusen i fjor, fortel Ørjan Vikum og må fullrose heile støtte-apparatet rundt laget.

-Og ikkje minst dei entusiastiske foreldra i denne gruppa. Dette samhaldet som er skapt er nok ein av suksessfaktorane, ja, seier Førde-trenaren.

Desse skal rosast

Dette er spelarane på G16-laget som har vore med på finalehelga i Gjøvik, og som har vunne Adidas Cup for tredje året på rad: Ruben Jordanger, Miguel Grønl Garfors, Kasper Haaland Fureli, Marius Øksenberg, Noah Øren Otternes, Thomas Sunde, Daniel Gjelsvik, Vegard Lorgen, Sondre Løland, Håvard Vik Søvde, Aron Zerai Okbanderias, Matias Sæterdal Steen, Liam Bruflot Undeland, Emil Frøysland, Vegard Otterlei Fløholm, Elias Myrland, Elias Grimeland og Sander Lekva.

Støtte-apparatet består av Ørjan Vikum, Kariann Husevåg Løland, Ole Bjørn Otternes og Kay Lorgen. Samt ei rad entusiastiske foreldre!

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Kariann Husevåg Løland

Relatert