Førdedamene med ny siger

Publisert 09.09.2022 av Geir Vindheim

Del via

Ny runde i 3 divisjon damer med Stryn som motstander i Hafstadparken. Her blir det ofte målrike oppgjer, og fredag vart ingen unntak. Når dommaren bles av kampen var det notert totalt åtte mål. Aktive kantspelare Førde skapte mykje gjennom Kaya og Martine på kvar sin kant. Disse to sørga også for Førde sine to…

Ny runde i 3 divisjon damer med Stryn som motstander i Hafstadparken. Her blir det ofte målrike oppgjer, og fredag vart ingen unntak. Når dommaren bles av kampen var det notert totalt åtte mål.

Aktive kantspelare

Førde skapte mykje gjennom Kaya og Martine på kvar sin kant. Disse to sørga også for Førde sine to mål før pause. Ut frå alle sjansane burde vi leia meir enn 2-1 til pause seier Bjørn Totland.

4-4-2

I andre omgang gjere Totland grep med å gå over til 4-4-2 og inn med Lea Fonn og Inga Hoff. Inga viser at ho fortsatt har skoringsforma inne, og i løpet av kort tid har ho auka leiinga til 4-1. Stryn reduserer nok ein gong på ein korner, og gjev oss noke å jobbe med på trening til neste kamp. Linnea setter inn 5-2 på eit flott langskudd. Heilt på tampen får Stryn nok ein redusering, og kampen ender dermed med 5-3 siger til Førde.

Fortent siger

Bjørn Totland var godt nøgd etter kampen. Vi vinn fullt fortent, og er godt nøgd med det damene presterer. No skal vi få ei god treningsveke før vi tar turen til Sogn igjen for å møte Sogndal/Sogndal FK 2 søndag 18 september.

Førde stilte fredag med følgande lag: Sofie H. Aarnes, Una C.Thingnes, Linnea L. Aamot, Ida Kristine Rotnes, Viktoria Zablotna, Johanne Strøfring, Kaya B. Fonn, Martine H. Aarnes, Andrea M.Ynnesdal, Nora F. Gjelsvik, Sofia H. Paulen, Inga Hoff, Marit H. Berqvam og Lea Oline A. Fonn.

Relatert