FEKK DEBUTEN PÅ G16-LANDSLAGET I DAG

Publisert 13.10.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Kjekt å få debuten på G16-landslaget i dag, ja. England er jo eit av dei betre laga, så vi er godt nøgde med 2-2, smiler Førde-spelaren Elias Grimeland etter kampen på dei britiske øyane. Og som om det ikkje var kjekt nok å spele dei siste 45 minutta i oppgjeret mot England, så var opplevingane…

Foto:

-Kjekt å få debuten på G16-landslaget i dag, ja. England er jo eit av dei betre laga, så vi er godt nøgde med 2-2, smiler Førde-spelaren Elias Grimeland etter kampen på dei britiske øyane.

Og som om det ikkje var kjekt nok å spele dei siste 45 minutta i oppgjeret mot England, så var opplevingane av å ferdast med dei dei beste engelske spelarane på hotellet ei stor oppleving for 16-åringen.

Med verdsstjerner

-Ja, det var faktisk litt rått å sjå mange av dei verdsstjernene du ser på TV. Her møtte eg mellom anna på både Jude Bellingham, Jack Grealish, Trent Alexander-Arnold og Kieran Trippier. Berre for å nemne nokre av dei mest kjende. Vi hadde forskjellige matsalar på hotellet, men kunne treffe på desse store stjernene i fellesarealet her, smiler Elias Grimeland om opplevingane med å bu på same hotell som det engelske A-landslaget, U21- laget, U17-laget og U16-laget.

-Det var ganske flott opplegg på det engelske forbundet sitt nasjonalanlegg for fotball. Men det viktigaste var sjølvsagt kampen i dag. Dessverre måtte eg stå over kampen på onsdag då eg budde på rom med ein av spelarane som måtte i karantene, fortel Førde-spelaren om opplevinga som medførte at totalt seks spelarar var indisponible til den første landskampen mot England.

I karantene

-Onsdag tapte vi 3-0, og var prega av at seks av spelarane var i karantene grunna noko som truleg kunne ha vore matforgiftning. Eg merka sjølv ikkje noko til sjukdommen, men måtte i karentene då romkameraten min vart sjuk. Men i dag fekk eg heldigvis spele heile 2. omgang. Og sjølv om vi ikkje har fått individuelle tilbakemeldingar endå, så var lagprestasjonen vår langt betre i dag, seier Elias etter kampen på St. Georges Park som ligg i Burton Upon Trent i Staffordshire, ikkje langt frå byen Stoke.

Kanskje til Gjøvik

-Eg gjekk glipp av landskampen på onsdag, men følte det gjekk ganske bra i dag. No skal vi ha felles middag i kveld, før vi set oss på flyet heim tidleg på laurdag. Så får eg da vurdere om eg skal vere med på Førde sitt G16-lag som i helga kjempar om siger i Adidas Cup på Gjøvik. Då eg stod over kampen onsdag, og berre spelte ein omgang på fredag, så kan eg sjølv bestemme kva eg skal gjere på sundag. Eg har iallfall ikkje hatt noko tøff beslastning, seier Elias Grimeland som heller ikkje får sjansen til å spele den viktige 3. divisjonskampen mot Sogndal 2 i Hafstadparken på laurdag.

-Nei, eg skulle gjerne spelt den kampen, og håpar sjølvsagt på ein trepoengar. Det treng vi, seier Elias og gjer seg klar for å ete middag med spelarane på det norske G16-landslaget i England.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert