KLARE FOR NY FINALE I ADIDAS CUP

Publisert 14.10.2023 av Geir Vindheim

Del via

Førde sitt G2007 kull er klar sin tredje strake finale i Adidas Cup. Dei to første har endt med siger. Søndag kl 0900 møter dei Fana i finalen. Kongsberg slått 3-2 i semifinalen Trenar Ørjan Vikum og resten av trenarteamet såg at laget tok leiinga tre ganger laurdag. Kongsberg var eit godt fotballag, så vi…

Foto:

Førde sitt G2007 kull er klar sin tredje strake finale i Adidas Cup. Dei to første har endt med siger. Søndag kl 0900 møter dei Fana i finalen.

Kongsberg slått 3-2 i semifinalen

Trenar Ørjan Vikum og resten av trenarteamet såg at laget tok leiinga tre ganger laurdag. Kongsberg var eit godt fotballag, så vi måtte verkeleg grave djupt for denne sigeren. Vi får det viktige 3-2 målet ca 10 minutt før slutt, og det blir mykje hawai dei siste minuttane. Pulsen på benken var heilt i taket, men gutane stod i mot presset og kan juble over nok ein finale i adidas cup.

Fantastisk prestasjon

Det er berre å gratulere gjengen med nok ein finale. No blir det eit skikkeleg vestlandsoppgjer i finalen. Kampen blir forsøkt streama i morgon, så vi kjem til å legge ut link når dette er klart.

Fakta:

Mål 1-0 – Kasper Haaland Furelid 6min 1-1 – 14min 2-1 – Vegard Lorgen 34min 2-2 – 47min 3-2 – Sjølmål 58min / innlegg av Daniel Gjelsvik 😮‍💨

Relatert