SCORINGSORGIE MOT SOGNDAL

Publisert 28.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Vi hadde eigentleg forventa dette. Vi skulle stå høgt som ein del av treninga og då vart det målrikt, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter heile ti scoringar Fosshaugane Campus tysdag kveld. Mannskapet til Tore André Flo hadde seriøse ambisjonar, og den tidlegare Chelsea-profilen gav klar melding føre møtet med Førde. -Vi er skikkeleg skuffa etter…

Foto:

-Vi hadde eigentleg forventa dette. Vi skulle stå høgt som ein del av treninga og då vart det målrikt, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter heile ti scoringar Fosshaugane Campus tysdag kveld.

Mannskapet til Tore André Flo hadde seriøse ambisjonar, og den tidlegare Chelsea-profilen gav klar melding føre møtet med Førde.

-Vi er skikkeleg skuffa etter at vi tapte 0-3 mot Aalesund i helga. Vi må vise oss frå ei langt betre side når vi møter Førde. Vi kjem til å bruke store delar av troppen, sa Flo føre oppgjeret og det tok ikkje lang tid føre heimelaget var i føringa med 3-0 etter 15 minuttars spel. Og det trass i at Førde også hadde hatt fleire store målsjansar.

Stod høgt

-Det måtte nesten bli slik. Begge laga stod høgt, og det vart store rom. Noko sjølvsagt det beste laget utnytta betre enn oss, seier Rognsø etter at sluttresultatet viste heile 8-2 til heimelaget.

Til pause stod det 3-1 til Sogndal, og i 2. omgang var det tydeleg at Førde-spelarane hadde tappa mykje energi på å stå høgt dei første 45 minutta. Avstandane vart større og når den defensive jobben heller ikkje var prima, måtte Førde bli straffa.

-Vi var klar over dette, og ser på dette som ein viktig treningsøkt. I mange av kampane våre ligg vi gjerne kompakt i forsvaret, men vi må også jobbe med alternative tilnærmingar. Vi kunne godt ha samla heile laget i forsvar, men det hadde ikkje vore så stor læring. Då er det betre å teste dette ut i ein treningskamp slik at spelarane også føler på kroppen kva som skjer, seier Rognsø som saman med Knut Erik Folland leia kampen mot Sogndal.

Mykje bra

-Offensivt er det mykje bra i laget, begge kantane (Sander Aamelfot og Mathias Helgheim) var periodevis bra, og Vegard Savland på topp var kanskje vår beste, seier trenarduoen etter oppgjeret og ser Tore André Flo rusle nøgd inn i garderoben.

-Vårt hovudfokus no er 4.rundekampen i NM-cupen på Fosshaugane om knappe 14 dagar. Og når Lillestrøm kjem, så må vi vere budde på noko heilt anna enn i dag, seier Flo.

Vi kjem tilbake med bildeserie og kampfakta litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert