DET BLIR IKKJE KAMP HER

Publisert 12.10.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Det er allereie no bestemt at den viktige 3.divisjonskampen mellom Førde og Sogndal 2 på laurdag blir spelt i Hafstadparken. -Med den nedbøren som har vore i det siste er det sikkert ikkje vanskeleg å forstå, seier Per Øyvind Storevik. Dagleg leiar i Førde il Fotball viser til at det allereie på torsdag vart avgjort…

Det er allereie no bestemt at den viktige 3.divisjonskampen mellom Førde og Sogndal 2 på laurdag blir spelt i Hafstadparken. -Med den nedbøren som har vore i det siste er det sikkert ikkje vanskeleg å forstå, seier Per Øyvind Storevik.

Dagleg leiar i Førde il Fotball viser til at det allereie på torsdag vart avgjort at oppgjeret mot Sogndal 2 ikkje skal bli spelt på Førde stadion. Avgjerda er tatt såpass tidleg då det ikkje er utsikter til at bana skal tørke opp nemneverdig fram mot kamp-tidspunktet.

Kliss, klass

-I dag er det overvatn på store deler av bana, og med dei verutsiktene vi har fram til laurdag, er det like greitt å ta ei avgjerd no. Dette er ei avgjerd som også baneeigar, Sunnfjord kommune, er samd i, seier Storevik og viser til bana ved store nedbørsmengder ikkje maktar å ta unna vatnet som kjem “frå oven”.

-Det handlar mest sannsynleg om at den ligg på same kote som elva Jølstra når den går flaumstor. Slik den gjer no, seier han etter synfaring på bana.

Tre kampar igjen

-No er det rapportert inn til både Sogndal il Fotball, fotballkretsen og fotballforbundet at kampen er flytta. Vi skulle helst ha spelt på Førde stadion, men har bestemt at det er like greitt å ta ei avgjerd i god tid. Vi vil heller ikkje øydeleggje bana med å gjennomføre ein kamp her no. Vi har også ny heimekamp om 16 dagar, og då kan det sjølvsagt hende at bana har tørka nok inn. Det er det berre vergudane som kan hjelpe oss med, seier Storevik.

Thriller

Dermed er det slått fast at den svært viktige kampen om å unngå nedrykk frå Fair Play-ligaen etter årets sesong blir spelt på bane 1 i Hafstadparken laurdag klokka 14.00. Sogndal 2 har 24 poeng, medan Førde, Volda og Hødd II alle har 22 poeng når det er tre kampar igjen av årets serie. Minst eit av desse fire laga vil venteleg måtte ta den tunge vegen ned etter siste serierunde. Samstundes skal heller ikkje Florø på 27 poeng føle seg 100 prosent sikre.

Uansett går det mot ein nedrykksthriller av dimensjonar med mange lag frå Nordvestlandet involverte.

Kom i Hafstadparken laurdag klokka 14.00 DU også.

Førde-spelarane treng all mogleg støtte.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert