-Vi er nøgde med å vinne, men i dag spelte vi ein dårleg kamp, er trenar Vibeke Solheim sin dom etter 12-1-sigeren over Askvoll/Holmedal i Skei storhall tysdag kveld.

Førde sitt J16-lag er vinnar av avdelinga si i Vinterserien, og skal no møte Sogndal i finalekamp mot slutten av mars månad. Desse to laga har utklassa dei andre laga i årets innandørsturnering, og det er venta ein jamn og tøff kamp mellom storklubbane i fylket når dei tørnar saman.

Ikkje skjerpa

-Ja, i vår avdeling har det ikkje vore så mykje å rope hurra for. Vi har vunne 9-1 og 14-0, og i dag vart det 12-1 på ein dårleg dag. Det er ikkje lett å halde seg skjerpa i slike oppgjer, seier Vibeke Solheim etter oppgjeret mot kystlaget.

I kampen i Skei storhall gjev ho faktisk ros omtrent til berre dei to spissane Kaja Johannessen Skrede og Vilde Wie.

-Når dei to scorar heile ni av dei tolv måla våre, så har dei prestert bra. Elles blir dette oppgjeret prega av at nivåskilnaden er for stor, og då fell naturleg nok prestasjonane, seier Solheim etter kampen.

Til topps

På bildet ser vi spelarane likevel juble for sigeren i avdelinga si i årets Vinterserie for J16-lag, men dei veit sjølv at i finalekampen mot Sogndal sundag 26. mars vil dei møte ein langt betre motstandar. I oppgjeret i Jølster stilte følgjande Førde-spelarar (scoringar i parentes): Lina Sunde Holsen, bertine Hauge Angedal (1), Lea Oline Aamot Fonn, Inga Hjelmeland Berqvam, Mia Aase Solnørdal, Anne Hafstnad Wennevold, Kristina Hjelmeland Berqvam (2), Eline Alværen Sund, Oda Paulen, Nora Vøllestad Westbye, Karoline Ospehaug Kjenes, Hanna Mielnik, Kaja Ørjansen lervåg, Vilde Sunde Wie (4), Kaja Johannessen Skrede (5). Trenarar og lagleiarar er Vibeke Solheim, Thomas Kjenes og Geir Fonn.

Vi kjem tilbake med bilder frå oppgjeret mellom Førde og Askvoll/Holmedal.

Tekst og foto: Stig Roger Eide