Adidas Cup status

Publisert 07.09.2023 av Geir Vindheim

Del via

Adidas Cup er også i år ein flott arena for våre lag. Dette gjev god matching mot mange lag vi ikkje møter til vanleg. No når vi akkurat er starta på september er tida inn for å gjere opp status så langt. Her følger litt status for kvart kull, og oppsummert har vi fortsatt tre…

Foto:

Adidas Cup er også i år ein flott arena for våre lag. Dette gjev god matching mot mange lag vi ikkje møter til vanleg. No når vi akkurat er starta på september er tida inn for å gjere opp status så langt. Her følger litt status for kvart kull, og oppsummert har vi fortsatt tre lag som kjempar om finalehelg på Gjøvik i oktober.

J13

I pulje med Sogndal og Voss. Sogndal med full pott i pulja, mens Førde sikrar sluttspel ved 2-1 siger over Voss. Her møtte dei Vard Haugesund til 1/8 dels finale i Bergen førre helg. I ein tett og spennande kamp mot eit godt lag vart det til slutt eit 2-1 tap. Vinnarmålet til Vard Haugesund kom kun 2 minutt før full tid. Det var dermed ein skuffa gjeng etter kampen, men Reiersen var strålande nøgd med innsatsen jentene la ned. God erfaring å ta med vidare i sesongen og inn mot neste års adidas cup.

J14

Jentene på J14 møtte søndag 27 august Nore Neset i gruppefinale. Førde jentene gjorde kort prosess, og det vart tidleg klart at dei kom til å ta førsteplassen i gruppa. Kampen enda til slutt med 8-1 siger, og med tre av tre sigrar i puljespelet vart dei puljevinnar. No ventar dei på at motstander i kvartfinalen skal bli klar. Her skal dei møte den tredje beste toer frå ei pulje. Dette blir klart først 15 september då siste kampar i puljespel er avvikla.

J17

Her vart det stopp i puljespelet for Førde. Dei møtte to lag frå Trondheimsregionen i Malvik og Gauldal, og valgte å møtast i Molde. Dei gjennomført to kampar same helg. Lørdagen vart 1-1 mot Malvik som til slutt vant pulja, mens det søndag vart tap. Håpet var å få ein av dei beste treer plassane, men det gjekk ikkje.

G13

Dette kullet imponerte stort i gruppespelet, og vant samtlege fire kampar, og med 24-5 i målskilnad. I 1/16 dels finalen møtte dei Loddefjord som gav dei god motstand, men Førde dro i land ein 5-2 siger til slutt. Dermed var det klart for 1/8 dels finale mot Smørås som har imponert i lokal serie. Dette vart ein tett og spennande kamp som kunne bikka begge vegar, men til slutt klarte Smørås å sikre ein 2-1 siger. Dermed var årets adidas cup over for G13.

G14

I ein tett og spennande pulje med Fyllingsdalen, Sund og Nordhordaland BK klarte Førde å sikre puljesiger med 7 poeng. Dermed fekk dei fordel av heimebane i starten av sluttspelet, men sidan dei møtte Moelven ble det å møtast på Jotun stadion. Her vart klar siger med 9-2, og dermed klart for heimekamp i 1/8 dels finale mot Dale.Kanskje den mest nervepirrande kampen i parken i år som til slutt enda med siger på straffespark for Førde. I kvartfinalen møter dei Nordstrand, og denne kampen blir avvikla lørdag 23 september på Hallingmo stadion.

G15

Førde leverte også i G15 eit solid puljespel mot Djerv, Vestsiden-Askøy og Nordhordaland BK. Tett kamp om siger i pulje mellom Førde og dei to førstnemnte, og til slutt var det Førde som vant pulja med sju poeng. Dermed vart det heimbane mot Os 1/16 delsfinalen. Det starta bra og til pause leia Førde 1-0, men eit hattrick frå Os speler i løpet 6 minutt i andre omgang knuste håpet til Førde gutane. Kampen enda til slutt 3-1 til Os.

G16

Dette er laget er ute etter å ta sin tredje strake siger i Adidas Cup. Foreløpig er dei i rute etter full pott i puljespelet, samt sigrar mot Gneist i 1/16 dels finale og Bækkelaget 3-1 i 1/8 delsfinalen. Dei møter vinnaren av Søgne og Rælingen i kvartfinalen. Kven det blir er først klart 10 september.

Relatert