– UFATTELEG VIKTIG SIGER

Publisert 07.09.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde slo Hødd II heile 5-4 på Sunnmøre torsdag kveld. – Dette var tre ufatteleg viktige poeng. Kanskje dei til og med er avgjerande, seier ein glad Knut Erik Folland på telefon frå Ulsteinvik. Førde-trenaren garanterte at det skulle bli ein lystig tur heim igjen til Sunnfjord natt til fredag. -I morgon blir ein god…

Førde slo Hødd II heile 5-4 på Sunnmøre torsdag kveld. – Dette var tre ufatteleg viktige poeng. Kanskje dei til og med er avgjerande, seier ein glad Knut Erik Folland på telefon frå Ulsteinvik.

Førde-trenaren garanterte at det skulle bli ein lystig tur heim igjen til Sunnfjord natt til fredag.

-I morgon blir ein god start på helga for dei fleste av oss. Denne sigeren kan kort og godt vere avgjerande for om vi står i divisjonen eller ikkje, seier Folland etter det han rosar som ein unik laginnsats av spelarane.

Moral på topp

-Dette var kollektivt noko av det betre eg har sett av laget på lenge. Vi ligg under to gonger, men spelarane viser god moral i måten dei aldri gjev opp. Vi kjem tilbake ved at alle spelarane står opp i samfulle 90 minutta. I dag måtte vi ta nokre byter på tampen av oppgjeret då krampa tok nokre spelarar. Men då er det lov å gje seg, ler Folland og viser til at no får spelarane nokre dagar ekstra treningsdagar fram mot neste heimekamp.

-Det å vinne kampen hadde svært stor betydning for heile gruppa. No fekk vi litt sjølvtillitt, og eit eventuelt tap her på Sunnmøre i kveld, hadde vore tøff å bere fram mot neste kamp, seier Førde-trenaren og rosar spesielt 16-åringen Elias Grimeland etter kampen.

Sterkt av unggut

-Dette er hans andre kamp frå start, og vi skal vere klar over at han er berre 16 år. Og som midtstoppar saman med Vegar Gjermundstad spelar han igjen ein veldig god kamp. Han står opp og er uredd i taklingane, seier Folland og ser allereie fram mot neste kamp, heime mot Eidsvold Turn neste laurdag.

-I dag scorar vi fem mål, og er sjølvsagt ikkje nøgde med at vi slepp inn fire. Men så lenge det blir tre poeng på oss, så skal vi vere kjempeglade. Noko vi verkeleg er, smiler Førde-trenaren etter nimålskalaset i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Tekst og foto (arkiv): Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

Hødd II-Førde 4-5 (2-2)

Høddvoll stadion, kunstgras

Mål:

1-0 6 min

1-1 23 min Vegard Savland

1-2 25 min Jacob Bergset

2-238 min

3-2 54 min

3-3 58 min Vebjørn Høynes

3-4 69 min Vegard Savland

3-5 88 min Mathias Helgheim

4-5 90 min

Førde: Fredrik Hanssen, Svenn Ove Gjøringbø (Andreas Hvidsten i 73. min), Vegar Gjermundstad, Elias Grimeland, Øystein Riksheim Østvik, Elias Rognebakke, Magne Aarøen (Lasse Aamelfot i 46. min), Jacob Bergset, Vegard Savland (Sander Kapstad i 90. min), Vebjørn Høynes, Nicolas Gudvangen Trollebø (Mathias Helgheim i 85. min)

Relatert