Dale vart for sterke for Førde 3

Publisert 02.09.2023 av Geir Vindheim

Del via

Fredagens kamp i 5 divisjon var på forhånd sett på som jamn kamp ut frå tabell og poengfangst hittil i sesongen. I fredagens kamp tok Dale kommandoen frå start, men det tok nesten 30 minutt før dei fekk 1-0, og før pause auka dei til 2-0. Førde 3 klarte etter dette aldri å komme inn…

Foto:

Fredagens kamp i 5 divisjon var på forhånd sett på som jamn kamp ut frå tabell og poengfangst hittil i sesongen. I fredagens kamp tok Dale kommandoen frå start, men det tok nesten 30 minutt før dei fekk 1-0, og før pause auka dei til 2-0. Førde 3 klarte etter dette aldri å komme inn i kampen igjen, og til slutt enda kampen med ein solid og fortent 5-0 siger til Dale.

Benny Rivedal var skuffa over presentasjonane fredag. Vi tapte for mange dueller, og vart nest best i det beste. Alle våre seniorlag inkludert G16 er inne i eit tøft kampprogram, så det blir mykje nytt til kvar kamp. Dette viser litt igjen på samhandling i laget, men samtidig gir dette mange av våre unge spelare god erfaring på dette nivået. Dette skal vi ta med oss til neste kamp som er bortekamp mot Eikefjord måndag 11 september.

Førde sitt lag fredag var: N.Berqvam, K.Furelid, L.Hagenes, E. Berge, H. Strømmen, S.Leknes, N.Otternes, N. Tonning, A. Vallestad, E, Ravndal, N. Gikwa, H.Sagevik, P.Undeland, V.Fløholm

Relatert