SIGNATUREN ER PÅ PLASS

Publisert 10.08.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Torsdag ettermiddag satte Vebjørn Høynes signaturen sin på overgangspapira til Førde il Fotball. – Eg håpar å vere i troppen til første haustkamp neste helg, seier 25-åringen. Vebjørn Høynes har dei siste vekene vurdert om han skulle spele for klubbane Sogndal, Florø eller Førde. I dag kom avgjersla frå den ettertrakta spelaren: -Totalt er det…

Torsdag ettermiddag satte Vebjørn Høynes signaturen sin på overgangspapira til Førde il Fotball. – Eg håpar å vere i troppen til første haustkamp neste helg, seier 25-åringen.

Vebjørn Høynes har dei siste vekene vurdert om han skulle spele for klubbane Sogndal, Florø eller Førde. I dag kom avgjersla frå den ettertrakta spelaren:

-Totalt er det mest spennande i Førde. Eg har følt meg veldig ønskt av klubben, og dessutan er det jobbmuligheter her som eg ikkje ville ha fått verken i Sogndal eller Florø, seier fysioterapeuten som frå februar 2024 skal jobbe på Sentralsjukehuset i Førde.

Toppscorar

Høynes har dei siste sesongane spelt for Fana i Bergen, og har vore toppscorar for 3. divisjonsklubben denne sesongen.

-No gler eg meg til å spele for Førde på same nivå. Eg skal i starten trene noko med moderklubben Eid medan eg bur på Stårheim i ein overgangsperiode. Men eg kjem til å ha nokre treningar med Førde og forhåpentlegvis spele kampane, seier Høynes då han set signaturen sin på overgangspapira saman med dagleg leiar Per Øyvind Storevik og sportsleg leiar Lars Solnørdal.

-Vi har store forventningar med denne overgangen, og ser på Vebjørn som ein referansespelar som blir viktig for heile gruppa. Vi har mange unge spelarar, og det er alltid trong for spelarar i gruppa som kan vere gode rollemodellar. Noko vi er trygge på at Vebjørn vil vere, seier Lars Solnørdal og vert støtta av Per Øyvind Storevik.

På laget?

-Vi har fulgt Vebjørn i lengre tid, og har vore klar over hans kvalitetar. No ser vi fram til at dei kvalitetane er på vår side. Ikkje minst er eg trygg på at vi får ein spelar som vil ta ansvar overfor dei unge, og vere med på å gje dei trygge utviklingskår, seier Storevik under signeringa.

Vebjørn Høynes stilte på si første trening med Førde i Naustdal torsdag kveld, og håpar sjølvsagt at trenar Knut Erik Folland vil ha han på laget når HamKam 2 er motstandar på Briskeby neste helg. Første heimekamp for Høynes vil i tilfelle bli mot Spjelkavik laurdag 26. august.

-Eg skal iallfall gjere mitt beste for å overtyde Folland, gliser nordfjordingen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert