Imponerande fjerdeplass for G16

Publisert 05.08.2023 av Geir Vindheim

Del via

Førde var klar til å revansjere det sure tapet mot Ullern i semifinalen i lørdagens bronsefinale mot Røa. Røa var i det effektive hjørnet lørdag, og med 1-0 vart det ein kamp der Førde måtte jage for utlikning. Sjølv om dette var sjette dagen med kamp for G16 var det upåklageleg innsats, men i staden…

Førde var klar til å revansjere det sure tapet mot Ullern i semifinalen i lørdagens bronsefinale mot Røa. Røa var i det effektive hjørnet lørdag, og med 1-0 vart det ein kamp der Førde måtte jage for utlikning. Sjølv om dette var sjette dagen med kamp for G16 var det upåklageleg innsats, men i staden for 1-1 klarte Røa å få inn 2-0. Førde flytta då opp alt dei hadde og med reduseringa 7 minutt før slutt vart det spenning til siste slutt. Ballen ville dessverre ikkje i nota, og G16 laget måtte då sjå at Røa stakk av med tredjeplassen.

Imponerande av G16

Akkurat no er det nok ein skuffa gjeng, men når skuffelsen har lagt seg så vil dei nok ein gong sjå at dei har prestert på øverste hylle. Det å bli nr 4 av 156 i Norway Cup er ein stor prestasjon. Når vi samtidig inkluderer 2 plass i fjor + 2 år på rad med adidas cup siger, så er det berre å GRATULERE. Denne gjengen blir spennande å følge vidare. Gratulerer til alle rundt G16 laget.

NM er neste mål for G16

No blir det å lade litt batteri, og få eit par veker med god trening. Alle må sette av lørdag 19 august kl 1700 i Hafstadparken. Då kjem Ålesund på besøk i 8 delsfinalen i NM G16. Denne gjengen fortener all støtte dei kan få for å slå Ålesund.

Norway Cup 2023 er dermed historie, og vi ser fram til ein hekstisk og spennande haustsesong.

Relatert