-DEI BLIR MED OSS I TRE ÅR TIL

Publisert 05.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Fredag vart det kaffe og kake på FIL-huset i Hafstadparken, då Sparebanken Sogn og Fjordane forlenga sin samarbeidsavtale med klubben for tre nye år. -No kan vi halde aktiviteten oppe, og kanskje til og med auke den, smiler Arild Sandvoll i Førde il Fotball. Sparebanken Sogn og Fjordane har vore ein av våre trufaste sponsorar,…

Foto:

Fredag vart det kaffe og kake på FIL-huset i Hafstadparken, då Sparebanken Sogn og Fjordane forlenga sin samarbeidsavtale med klubben for tre nye år. -No kan vi halde aktiviteten oppe, og kanskje til og med auke den, smiler Arild Sandvoll i Førde il Fotball.

Sparebanken Sogn og Fjordane har vore ein av våre trufaste sponsorar, og har hatt ein tett samarbeid med oss sidan 2010. Noko både Gunn Aase Moldestad og Lars Solnørdal frå Sparebanken understreka i FIL-huset.

-Sparebanken Sogn og Fjordane ser på Førde il Fotball som ein viktig samarbeidspartner. Det er ikkje berre snakk om sponsoravtale, men ein utvida samarbeidsavtale. På samme måte som banken, er Førde il Fotball opptekne av å dele sin kompetanse til andre miljø. Vi ser at dei utviklar stadig nye konsept for å ivareta kvaliteten hos andre. Noko som også gjenspeglar det faktum at denne forlenga avtalen inneheld både sponsormiddel, men også gåvemidler som er retta mot konkrete prosjekt, seier Gunn Aase Moldestad.

Unikt samarbeid

Og styreleiaren i Førde il Fotball, Arild Sandvoll, repliserte kjapt på kommentaren frå Moldestad på følgjande vis:

-Vi har hatt eit kjempelangt samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, og denne avtalen vil forsterke satsingane til klubben. Utan Sparebanken Sogn og Fjordane sitt sterke engasjement overfor oss, så hadde det sett heilt annleis ut. Dette er noko alle i klubben, både spelarar, foreldre, lagleiarar, trenarar og ikkje minst alle frivillige set utruleg stor pris på, understreka Arild Sandvoll og viste til at den frivillige innsatsen i fotballgruppa er stipulert til rundt 30 årsverk.

-I det perspektivet er vi ei mellomstor bedrift. Vi har ei omsetting på over 10 millionar, og er ein viktig samfunnsaktør i Førde-samfunnet, seier Sandvoll før deltakarane ved signeringa går ut i Hafstadparken for fotografering.

Del av noko større

Lars Solnørdal i Sparebanken Sogn og Fjordane, som kjenner fotballen godt frå innsida gjennom fleire år, konkluderte det slik:

-Vi må aldri gløyme kva fotballen gjer for mange her i Førde-samfunnet. Dei er absolutt ein del av noko større. Dei er gode på å utvikle miljø, og er dyktige på å utvikle patriotismen rundt klubben. Førde består i svært mange innflyttarar, og fotballen er ein viktig aktør for å etablere stoltheit om plassen vi bur, sa Lars Solnørdal, som sjølv er innflyttar frå Romsdal.

Akkurat langsiktigheit og aktivitet var det dagleg leiar Per Øyvind Storevik også poengterte:

-No kan vi planleggje for fleire år fram i tid. Noko som er svært viktig for oss. Når Sparebanken Sogn og Fjordane er med oss på denne måten, så er det grunn til å sjå lysare på framtida, avslutta Storevik.

Etter sigeringa av denne viktige avtalen stilte følgjande opp til fotografering: Frå venstre Lars Solnørdal, Bjørn Totland, Arild Sandvoll, Per Øyvind Storevik, Olav Flatjord, Johan Pettersen og Gunn Aase Moldestad. Framme ein av dei mange unge lokale spelarane i klubben, Jonas Frøiland Nistad.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert