MINNEORD

Publisert 17.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Vår trufaste eldsjel, Svein Peder Rundereim, døydde 6.desember i ein alder av 53 år. Førde il Fotball takkar Svein Peder for hans unike innsats for fotballen i mange, mange år. Først som trufast sjåfør, kampvert og anna i barne- og ungdomsfotballen for den eldste sonen Lars Jørgen. Seinare som ein av dei sentrale i arbeidet…

Foto:

Vår trufaste eldsjel, Svein Peder Rundereim, døydde 6.desember i ein alder av 53 år.

Førde il Fotball takkar Svein Peder for hans unike innsats for fotballen i mange, mange år. Først som trufast sjåfør, kampvert og anna i barne- og ungdomsfotballen for den eldste sonen Lars Jørgen. Seinare som ein av dei sentrale i arbeidet med Førde Cup. Som utdanna kokk, og mange år tilsett ved UWC på Hauglandssenteret, vart dette også hans oppgåver i mange år under Førde cup. Ein jobb han gjorde på ein framifrå måte.

Svein Peder var alltid lett å be, og han var alltid positiv til å ta i eit tak. Noko svært mange i Førde-samfunnet har fått oppleve. Han stilte opp med glede for å glede andre. Til og med under hans alvorlege kreftsjukdom sist haust gav han melding til klubben om at han gjerne ville vere med på årets Førde Cup i november viss han var i form. Noko han dessverre ikkje var i stand til.

I Svein Peder har Førde il Fotball mista ein av sine trufaste eldsjeler og patriotar. Ein mann som aldri tok ordet «nei» i sin munn, og som uansett tok eit tak viss han vart spurt. Ein stillfarande, hjelpsam og positiv person har reist frå oss. Førde il Fotball takkar for den innsatsen Svein Peder har gjort og lyser fred over hans minne.

Han vart gravlagt på Blomereina i Førde torsdag 15. desember.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat

Relatert